Budsjettet til Helse Førde kjem nok ein gong til å sprekke, ifølgje dei siste prognosane med minst 87 millionar kroner.

Årsaka kan vere at Helse Vest ikkje fullt ut kompenserer dei ekstra utgiftene helseføretaket i Sogn og Fjordane har som følgje av den desentraliserte sjukehusstrukturen i fylket

Overraska over rapport

Helse Vest fordeler tilskot som skal jamne ut kostnadene i helseføretaka, for at innbyggjarane på Vestlandet skal få eit mest mogleg likt helsetilbod. Føretak med mange små og desentraliserte institusjonar, skal få kompensert at dei er dyre å drive.

Men ifølgje ein rapport frå konsulentselskapet Prosesspartner AS, som på oppdrag frå Helse Førde har gjennomgått kostnadsnivået i helseføretaket, får dei ikkje nok.

Dette er nokon av konklusjonane:

  • Tilskota som blir tilført Helse Førde for å kompensere for sjukehusstrukturen er for små. Ein grundig gjennomgang av kostnadene må bli gjort.
  • Helse Vest underfinansierer Helse Førde på avskrivingar. Helseføretaket får 15 millionar kroner for lite til å dekkje avskrivingane.

Etter det Bergens Tidende forstår får andre helseføretak tilført meir pengar til avskrivingar enn det dei reelt har.

Rapporten kom som ei overrasking på Helse Vest-leiinga i går.

– Det er ikkje lett å kommentere dette på strak arm. Vi må nok be om meir tid til å setje oss inn i denne rapporten, seier kommunikasjonsdirektør Bjørg Sandal i Helse Vest.

– Treng omstilllingstilskot

Det nye millionunderskotet har ført til at representantar for leiinga i Helse Vest offentleg har kritisert måten helseføretaket i fylket blir styrt på. Men Helse Vest har nekta Helse Førde å endre sjukehusstrukturen.

Rapporten frå Prosesspartner kjem på bordet når styret i Helse Førde i morgon skal drøfte økonomien i selskapet, og korleis skuta kan kome på rett kjøl.

Helse Førde-direktør Jon Bolstad kjem i realiteten ikkje med framlegg til innsparingar som vil gje kortsiktig effekt. Dette betyr at føretaket styrer mot eit underskot på kanskje bortimot 100 millionar i år, som dei vil dra meg seg vidare. I staden vil direktøren ha pengar til eit langsiktig program som skal effektivisere drifta i føretaket fram mot 2010.

– Helse Førde vil dei tre kommande åra ha behov for eit omstillingstilskot, om det skal vere balanse mellom inntekter og kostnader, meiner Bolstad. Han viser nettopp til vurderingane frå selskapet Prosesspartner om at strukturen Helse Førde ikkje får lov til å endre, fører til dyr drift av spesialisthelsetenesta.

Varslar oppseiingar

Dersom Helse Førde skal klare å ta ned drifta for å innfri innsparingskrava frå Helse Vest, kan det i følgje tilrådinga frå administrerande direktør Jon Bolstad vere nødvendig å kutte 150 årsverk dei neste tre åra. Det kan bety oppseiingar.

Bolstad trur eigentleg ikkje det kan late seg gjere å redusere talet på tilsette med så mange, utan at funksjonar må leggjast ned eller strukturar må endrast.

– Det er heller ikkje sannsynleg at det er råd å gjennomføre ein så stor reduksjon i talet på tilsette, utan at dette medfører reduksjon i aktiviteten og såleis reduserte inntekter, heiter det i innstillinga.

oddleiv apneseth