I gårsdagens BT sa adm. dir. Anne Kverneland Bogsnes i Helse Bergen at dei ikkje har råd til nok eit godt lønsoppgjer. Helse Bergen, der Haukeland Universitetssjukehus utgjer hovudtyngda, har i år budsjettert med 330 millionar i underskot. Det trass i at dei kvittar seg med 345 stillingar.

— Dette har helseforetaka og Helse Bergen bedt om sjølve. Hausten 2001 var Norsk Sykepleierforbund dei einast som kravde at staten måtte avsette omstillingsmidlar. Ingen høyrde på oss, seier fylkesleiar i Norsk Sykepleierforbund, Mary-Anne Golten.

Når det gjeld Bogsnes krav om nulloppgjer, og at eit godt oppgjer vil føre til at fleire stillingar må vekk, seier Golten sjukehusa vil få kompensert for årets lønsoppgjer i auka overføringar frå staten.

— Dei har vel lagt inn fire prosent i årets budsjett, seier ho. Tar du vekk lønsveksten som følgjer av tillegg i fjor, det såkalla overhenget, vil det seie at sjukepleiarane kan få over tre prosent i år.

Legane i Helse Vest har dei siste to åra hatt nær 15 prosent lønsvekst. Bogsnes hevdar dei skulle hatt 9,5 prosent, men at legane ikkje har levert den effektivitetsbetringa dei har lova.

Hovudtillitsvald Erling Mjanger i Overlegeforeningen på Haukeland meiner forklaringa på veksten er at leiinga har overvurdert vinsten av at ein omgjorde overlegane si faglege fordjupningstid til pasientbehandling.

— Mange av legane brukte allereie denne tida til pasientbehandling. Det sa vi til leiinga, men dei ville ikkje høyre på oss, seier Mjanger, som i tillegg nemner dårleg ferieavvikling og at dei før oppgjeret hadde lågare lønn enn elles i landet, som forklaringar på den store lønsveksten.

Eirik Vikane i Yngre Legers Forening meiner at leiinga heller ikkje har vore flinke nok til å utnytte det nye lønssystemet til å justere aktiviteten etter behovet.