– Mange føler skam ved å kome hit, seier Ove Rønhovde.

Han er leiar for gjeldsrådgivningskontoret i Bergen, som hjelper personar med økonomiske problem. I jobben møter han mange klamme hender, og personar som har vanskeleg for å snakke om situasjonen dei har hamna i.

– Folk vil heller fortelje vener og familie at dei er dødssjuk, framfor å vedgå at dei har økonomiske problem, seier Rønhovde.

Finanskrisa har medført at langt fleire søkjer hjelp hos kommunen, og det er no ventelister til over påske for å kome til hos rådgjevar.

Depresjon

Psykolog Helga Myrseth fortel at dei fleste som har betalingsvanskar, blir deprimerte. Myrseth er stipendiat ved Universitetet i Bergen, og jobbar med ei doktoravhandling om speleavhengige.

I terapisamtalar har ho møtt rundt 20 personar som alle har store økonomiske problem.

– Mange personar sit med sjølvmordstankar, fordi dei ikkje ser noko ende på problema. Enkelte har også gjeld til privatpersonar, og er redd for å ta telefonen i frykt for torpedoar, seier Myrseth.

Ho har opplevd at klientar har fått knuste kneskåler, blitt skadd og torturert i møte med gjeldsinnkrevjarar. Betalingsvanskar rammar ikkje berre personen i gjeld.

– For kvar person med gjeld, rammar det fire til ti personar i omgangskrinsen. Mange mistar partnaren og kontakt med eventuelle born, seier Myrseth.

Les også: Alf Egil ble gjeldsoffer

Engstelige for å miste jobben

Også i Gjeldsoffer-Alliansen merkar dei auka pågang frå personar med økonomiske problem. Fleire har ringt til gjeldstelefonen, ei teneste som er meint å gje trøyst og støtte.

– Vi har merka ein auke i førespurnader. Enn så lenge er det få arbeidsledige som har tatt kontakt, men mange som er engstelege for å bli det, seier Bengt Scheldt, leiar i Gjeldsoffer-Alliansen (GOA).

Scheldt har jobba i organisasjonen i 18 år, og til trass for at dei har jobba for større openheit rundt gjeldsproblematikk, stadfestar han at området framleis er tabubelagt.

– Det å mislukkast økonomisk er verre enn å mislukkast i ekteskap eller å bli impotent. Særleg ille er det for menn, som tradisjonelt har hatt forsørgjarrolla.

Organisasjonen opplever stadig at personar i det lengste prøver å skjule økonomiske problem for partnaren.

– Vi blir bedt om å berre ringe til visse tider, og aldri til hustelefonen. I somme tilfelle er først når ein mister bustaden, at partnaren får greie på det, seier Scheldt.

Ber kommunane utvide tilbodet

Schedt reagerer sterkt på at personar med betalingsvanskar, no hamner på lange ventelister i landets kommunar.

– Vi får rapportar frå fleire kommunar rom at dei må stenge dørene fordi dei ikkje har nok kapasitet.

Han meiner at kommunane ikkje har gjort ein god nok jobb i å følgje opp denne tenesta.

– Kvaliteten på rådgjevinga er god, men kapasiteten er sprengt. Problemet er at kommunane i land tid har behandla rådgjevingstenesta som eit steborn. Det viser seg under denne krisa, seier han.

Med det meiner han at kommunane ser på rådgivingstenesta som ei utgiftspost.

– Ei indersøking frå fylkesmannen i Akershus påviste at kommunar med eit godt rådgjevingsapparat, hadde nedgang i sosialytingar. Dette er altså tvert imot ei inntektskjelde, seier Scheldt.

GOA driv også med rådgjeving for sine medlemmar. Han ventar større pågang etter kvart som auka arbeidsløyse slår inn. Han har eit klart råd til kva ein ikkje bør gjere i ein slik situasjon.

– Viss ein byrjar å betale bustadlånet med kredittkort, er ein på veg til eit stygg stad som byrjar med h.

Scanpix
PRIVAT