• Den dårlege vegstandarden her vest viser kor uklokt det er å gje meir og meir skattelette. Det er mykje viktigare å byggja landet, meiner Ranveig Frøiland (A).

OLAV GARVIK

Den røynde stortingsrepresentanten frå Sotra skjønar godt at turistar, yrkessjåførar og andre jamrar over dei elendige vegane mange stader her i Hordaland. Gjennom tjue år som rikspolitikar har ho farta over mesteparten av fylket jamt og trutt, og det har ikkje alltid vore med glede:

— Eg likar å køyra til Norheimsund, men ikkje lenger. Strekninga innover mot Ålvik, Kvanndal og Granvin kan vera ei stor påkjenning for ein bilist, seier ho til Bergens Tidende.

- Oddvard Nilsen svikta

Frøiland legg breisida til og klandrar regjeringspartia for grovt å ha svikta løftene då dei var i opposisjon. Ho meiner at særleg Høgres Oddvard Nilsen, som tidlegare leia samferdselskomiteen, no møter seg sjølv i døra.

— Det var ikkje måte på kva han den gongen lova. Pengane sat laust. Men han er velkomen etter til å støtta Arbeidarpartiet, Frp og SV som gjekk saman no i vår om eit framlegg om å løyva ein milliard kroner ekstra i året til vegføremål. Skal vi halda tritt med trafikkauken, lyt vi ta eit slikt løft på i alt 10 milliardar i ein tiårsperiode. Når ein knip inn på løyvingane til offentlege kommunikasjonar, fører det naturleg nok til auka privatbilisme, seier ho.

Gul stripe minstekrav

Ranveig Frøiland ser det som eit stort problem at Hordaland ikkje er representert i samferdselskomiteen i Stortinget. Dermed har fylket eit lyte i høve til andre når dragkampen om budsjetta er i gang. Sjølv om Hordaland er overrepresentert i finanskomiteen, er det eit sakn at ingen herifrå er med i samferdselskomiteen, meiner ho.

Frøiland seier at det må vera eit minstekrav å få eit stamvegnett med gjennomgåande gul stripe i vegen. Men det er ikkje nok, for i tillegg trengst det fysisk sperre mellom køyreretningane.

- Litt verre i Hordaland

Politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet, Alfred Bjørlo (V), er sjølv vestlending - frå Nordfjordeid. Han meiner at vegstandarden truleg er litt verre i Hordaland enn i Sogn og Fjordane.

— Er gul stripe langs heile stamvegnettet realistisk?

— Ja, vi lyt satsa alt på det, og innan ein tiårsperiode må dét kravet vera oppfylt iallfall for E 39 nord til Ålesund. Men då trengst det beinhard prioritering, og det betyr mindre til riksvegar. Einaste løysinga for å få større statlege løyvingar er at ein samstundes satsar meir på lokale bidrag, seier Bjørlo.

Han presiserer sterkt at gul stripe i vegen knapt vil vera eit botemiddel mot dei høge ulukkestala. Det er først og fremst for å få betre flyt i trafikken at breiare vegar tvingar seg fram. Skal ein få gjort noko med ulukkene, er det snakk om haldningar og haldningsendring.