— Skadene ho er påført viser at Hedda blei kvelt. Funna vi gjorde under obduksjonen indikerer at gjerningsmannen har halde trykket mot halsen i 15-30 sekund før ho miste medvit, opplyste professor Inge Morild frå Gades Institutt under rettssaka i Sogndal i dag.

Morild obduserte Hedda om kvelden laurdag 30.oktober. Til stades ved obduksjonen var også kriminalteknikarar frå Kripos.

Hedda Karterudseter miste livet fordi blodtilstrøyminga til hjernen blei stoppa. Dette skjedde då gjerningsmannen tok kvelartak og trykte saman blodårene.

Morild fortalde om ei rekkje funn av skader på kroppen til 19-åringen. Mellom anna fann dei fleire blødningar i hovudet. Saman med andre funn meiner Morild dette tyder på at Heddas hovud er slått mot golvet.

<b>STUDERER BILDER: </b>Teknikere og forsvarere studerer bilder og material frå åstedet, den avdøde og obduksjonen. t.h Herman Hoff,Inge Morild og Håvard Arntzen. Sittende: Finn Rotten.
ØYSTEIN TORHEIM