— Etter mitt syn er det oppsiktsvekkjande, dersom tilsette i Helse Førde skal arrangere folkemøte. Så får folk tolke det som dei vil, seier Jon Bolstad til BT.

Bolstad seier det er unaturleg å diskutere med tilsette i Helse Førde gjennom avisa, men legg ikkje skjul på at han er lite glad for det opne brevet frå legane ved Nordfjord sjukehus.

— I staden for å leggje opp til dialog, sender dei eit ope brev. Dette er ei spesiell form, som er heilt unødvendig, synest administrerande direktør Bolstad.

Han avviser påstanden om at leiinga ikkje har tal som viser at det er økonomisk lønsamt å omorganisere sjukehustilbodet i Helse Førde.

— Sjølvsagt har vi tal. Dei viser at det samla sett er kring fjorten millionar å tene, seier Bolstad.

Då BT snakka med Bolstad onsdag ettermiddag, hadde han nettopp lese det opne brevet frå legane. Helse Førde-leiinga er invitert til å informere om vedtaket på folkemøtet måndag - i sju minutt!

— Måten dette er lagt opp på er gjennomgåande spesielt. Då har eg sagt nok om kva eg meiner om regien, seier Bolstad.