• Regjeringa fekk forståing av at det hasta med tiltak overfor u-båten. Difor følgde vi dei faglege tilrådingane frå Veritas og Kystverket.

Slik grunngjev statsminister Jens Stoltenberg kvifor han så sterkt gjekk inn for tildekking og mot heving under fylkesårsmøtet i Hordaland Ap.

— No har det kome til uttrykk sterke ynskje om å vente for å få grundigare vurderingar samstundes med det er sagt at det kan skje utan fare. Då var det sjølvsagt å følgje opp dette. Men det er heilt i orden at tiltaka blir utsett til det ligg føre nye vurderingar, seier Stoltenberg.

Leiaren for energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Gunnar Kvassheim (V) hevdar for sin del at regjeringa ikkje hadde noko val:

— Sprengkrafta i denne saka innebar at Ap og regjeringa ikkje hadde anna å gjere enn å få utarbeidd nye vurderingar. Men eg trur ikkje dei vil konkludere før etter valet, seier Kvassheim.

Kvassheim viser til at det er eit klart fleirtal på Stortinget, også utan Ap, for å vurdere spørsmålet om heving grundigare.

— Det ville vere ei nokså spesiell form for parlamentarisme om Ap hadde greidd å hindre at stortingsfleirtalet fekk viljen sin her. I tillegg ville det vere problematisk reint demokratisk: Her blir Stortinget invitert til behandling av ei sak og kome med innspel. Då ville det vere ein demonstrasjon for allverda av at her speler det inga rolle kva som kjem fram: standpunktet står fast likevel, seier Kvassheim.

— Eg trur Stoltenberg hadde eit sterkt ynskje om å parkere saka. Han ville ikkje skape forventningar om at det var noko å gå på her. I eit forsøk på å smelle døra igjen, undervurderte han spenninga som låg i denne saka. Og i staden for det han ynskte, oppnådde han tvert om å mobilisere mot tildekking, seier Kvassheim.