• Eg høyrde rop og skrik, og kikka nedover frå der vi stod på gangstien. Det var heilt kaos, heilt frykteleg, fortel Anna Seiler frå Tyskland om ulykka i Briksdalen i går. Totalt 18 personar måtte ha behandling. Dei seks hardast skadde vart frakta til Ålesund og Førde med helikopter.

PER MARIFJÆREN

TOR OLAV MØRSETH

I 1999 døydde ein japansk turist. I går skjedde det igjen, da fjordhestane sprang ut i panikk med eit engelsk turfølge i vognene. Berre tilfellet hindra ei ny dødsulykke.

No er framtida uviss for den tradisjonsrike hesteskyssen.

15 personar vart sendt til sjukehus etter den dramatiske ulykka. Til alt hell er ingen alvorleg skada.

49 britiske turistar var på veg nedover med siste hesteskyssen for dagen, då ein av hestane fekk panikk.

Politiet fortel at fleire hestar skal ha løpt løpsk. Til saman var 17 ekvipasjar involvert i hendinga.

Totalt kaos

Dramatikken starta litt over klokka 16 i går, like overfor brua under fossen i Briksdalen. Akkurat da var det tyske ekteparet Anna og Andreas Seiler var på veg opp mot breen og hadde stoppa på ein utsiktspunkt, og fekk såleis panoramautsikt til dramatikken lenger nede på vegen.

— Eg høyrde rop og skrik, og kikka nedover frå der vi stod på gangstien. Det var heilt kaos, heilt frykteleg, fortel Anna.

— Eg såg minst fire hestar som sprang av garde i full panikk. Ei vogn som hadde velta med folk i, vart overkjørt av ei hestevogn som kom i stor fart bakfrå. Hjulet på vogna kjørt rett over vogna som var velta. Folk sprang og ropte, det var komplett kaos.

18 kom til skade

Det tyske paret stod såpass langt unna at dei ikkje fekk kome til unnsetning, men såg at andre folk kom til og ytte hjelp. Sjølv var dei hjelpelause vitner.

— Vi forstod at dette var alvorleg, seier Andreas, som også fekk med seg at nokre hestar vart heldne under kontroll medan andre sprang ut i panikk.

— Hestane prøvde å slite seg laus medan det stod på som verst, men minst to av kuskane greidde å halde sine dyr under kontroll i tøylane.

Totalt 18 personar måtte ha behandling, 15 av dei vart sendt til sjukehus i Førde, Ålesund eller Eid.

Dei seks hardast skadde vart frakta til Ålesund og Førde med helikopter.

På Sentralsjukehuset i Førde låg ein 70 år gammal mann med moderate skadar og ei 70 år gammal kvinne med lettare skader.

Sjukehuset i Ålesund opplysar at dei skadde er ei kvinne (52) med brotskader.

Tilstanden var stabil for alle.

To kuskar vart og skadd.

Debatt om hesteskyssen

Oldedalen skysslag fraktar kvart år rundt 30.000 turistar dei knappe tre siste, kronglete kilometrane mellom Briksdal Fjellstove og brefronten inst i dalen.

I fjor sette skysslaget inn dieselmotoriserte vogner som har overtatt rundt halvparten av transportane. Men mange føretrekkjer den tradisjonelle turen med hest og vogn opp den naturskjønne dalen.

Med nok ei alvorleg ulykke blir spørsmålet no uvergeleg om hesteskyssen kan halde fram.

— Det vil heilt klart bli ein heit debatt rundt dette. Eg ser sjølvsagt faren for at hesteskyssen vil ryke, seier Roger Haugen, dagleg leiar i Oldedalen skysslag.

— Nett no er eg berre litt oppgitt, for etter dei tidlegare ulykkene har vi prøvd å ta alle omsyn til maksimal tryggleik. Vi har betra opplæringa på kuskane, vi har auka minstealderen for kuskane, vi har redusert talet hestevogner som trafikkerer vegen, likevel skjer dette.

Utan varsel

Haugen fortel at det ikkje har vore noko forvarsel når hestane har sprunge ut tidlegare.

— Det skjer heilt utan vidare, og faktisk med hestar som vi har vurdert som svært rolege dyr, seier han.

— Det er nesten uråd å verge seg mot slikt.

— Kan det vere at det rett og slett er blitt for mange menneske i Briksdalen til å drive slik transport?

— Det er eit godt spørsmål. Eg har ikkje noko svar, i alle fall ikkje no, seier Haugen.

Hesteskyssen er ein viktig del av turistproduktet Briksdalen, og vil uansett bli sakna av mange dersom den forsvinn.

— På den andre sida har dei motoriserte vognene våre blitt langt meir populære enn vi hadde venta, og utgjer i år omtrent halvparten av turane, seier skyssleiaren.

Det er i dag 25 hestar som trafikkerer Briksdalen, mot 38 tidlegare.

AUGNEVITNE: Tyske Anna Seiler såg ulukka på nært hold. - Eg høyrde rop og skrik, og kikka nedover frå der vi stod på gangstien. Det var heilt kaos, heilt frykteleg, sier ho.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH