• De kan vere veldig stolte, sa Dronninga.

Ho skulle eigentleg ha opna Hardangerbrua laurdag. Men det blir det ikkje noko av, fordi Statens vegvesen og deira kontraktørar ikkje er ferdige.

Men sidan dronning Sonja likevel er på vestlandsturne med Kongeskipet, stakk ho likevel innom brua i dag, torsdag.

Blå silkesløyfe

— Eg har hatt min eigen vesle seremoni, fortalde dronninga den frammøtte pressa, etter å ha rusla over heile brua.

— Eg har fått lov til å setje ei personleg helsing på brua: Eg hadde med eit 3 m langt blått silkeband som eg har knytt til ei sløyfe midt på brua. Og så seier eg gratulerer og lukke til, seier ho.

Gjekk over brua

Dronninga kom med Kongeskipet og vart sett i land av ein lettbåt på ferjekaien på Brimnes, før ho tok til på gåturen over den 1310 meter lange brua.

— Brua er jo så smekker og nydeleg. De kan vere veldig stolte, seier ho til arbeidarane som står på brua.

Ho skrytte av landskapet, men òg av ingeniørarbeidet bak brua:

— Eg synest det er eit heilt fascinerande arbeid. Brua er 30 m lenger enn Golden Gate-bridge i Amerika. Berre det vitnar om kor eineståande konstruksjonen er, seier ho.

Til Ullensvang

Dronning Sonja har vore på ein tur langs Vestlandskysten med Kongeskipet dei siste dagane, og etter Hardangerbrua gjekk ferda vidare inn til Ullensvang.

Der blir ho til laurdag, då ho skal opne ein sti.

SonjaHardangerbru3NETT.jpg
RUNE SÆVIG