Det kom i går reaksjonar på at leiaren i valnemnda, Anton Iversen frå Molde, antyda at medlemer i det gamle styret kan kome med i det nye som skal veljast på det ekstraordinære landsmøtet laurdag. Overfor Aftenposten utelukkar ikkje leiaren i valnemnda at medlemer i det avtroppande styret kan få fornya tillit.

Til disposisjon

— Det har eg sagt heile tida. Alle medlemer i selskapet stiller likt, utdjupar Iversen overfor Bergens Tidende.

— Snakkar du no prinsipielt eller praktisk?

— Det konkrete arbeidet i valnemnda vil eg ikkje kommentere. Det styret har gjort er å stille sine plassar til disposisjon. Då kan vi ikkje utelukke at nokre av dei blir valde på ny, om dei skulle bli spurde.

— Kan Magnus Stangeland kome tilbake som president?

— Nei, han har for lenge sidan sagt at han ville gå av på det ordinære landsmøtet i mai. Så han er uaktuell.

Held tilbake

Bergens Tidende fekk i går fleire reaksjonar frå sentrale medlemer i selskapet på at dersom medlemer i dagens styre blir med vidare, vil det vere uakseptabelt. Ein av dei er skipsreiar Petter Sundt. Han har, i lag med sin samarbeidspartnar og talsmann, Jan Michelsen, gitt pengar til ei ny redningsskøyte. Skøyta er klar for produksjon, men pengane blir haldne tilbake på grunn av dei interne stridane som rir selskapet.

— Vi ventar at heile styret blir skifta ut på møtet laurdag. Skjer ikkje det, vil vi trekkje tilbake midlane til ei ny redningsskøyte. For selskapet er dette ei gåve som har ein verdi på rundt 23 millionar kroner, seier Michelsen.

Sit på gjerdet

Sundt og Michelsen har tidlegare sagt at dei ville frigje midlane når eit nytt styre var på plass. Dei mange oppslaga om framleis uro i selskapet, gjer at dei har revurdert dette.

— Vi vil nok vente ei tid for å sjå utviklinga an. Vi er sterkt kritiske til det som har kome fram om selskapet. Frå vår ståstad verkar det som enkelte styremedlemer set eigen posisjon framfor selskapet. Det ser ut til at det ikkje betyr noko at dei kan misse ei gåve til ein verdi av 23 millionar. Det undrar oss, kommenterer Michelsen.

Valnemnda har sitt siste møte i kveld. Her skal dei, i tillegg til å leggje på plass dei siste brikkene, også bestemme seg for om dei skal offentleggjere innstillinga.

Råd for to mill.

Mellom opplysningane som siste tida har irritert dei to forretningsmennene, er medieoppslaga om at Redningsselskapet hyra inn rådgjevingsfirmaet Geelmuyden. Kiese for å få hjelp med informasjonsstrategien. Dette skjedde då det storma som verst sist haust. For nokre månaders arbeid har Redningsselskapet betalt over to millionar kroner til informasjonsrådgjevarane.

— Vi syns det er heilt utruleg at dette skjer når Redningsselskapet har eigne tilsette som arbeider med informasjon, seier Jan Michelsen.