«Nærare hallelujastemning er det neppe mogeleg å kome i eit politisk organ,» skriv avisa Firda etter møtet.

— Eg har late meg begeistra av det som blir presentert. Ja, eg er nær både heftig og begeistra, sa Åshild Roset (KrF) om prosjekt «Trivselshagen».

Ho fekk følgje av alle politiske representantar. Sjølv ordførar Anders Ryssdal (Sp) har teke av, og trur no dette tunge løftet kan bli realisert.

Dersom Gloppen kommune satsar 40 millionar blir den første «Trivselshagen» i landet bygd på Sandane, til totalkostnad 180 millionar.

Prosjektet skal vera eit utstillingsvindauge for regjeringa si Folkehelsemelding. Dei andre aktørane er fylkeskommunen (har sagt ja til 40 millionar), Tippemidlar (25millionar), SND/SIVA (20 millionar) og kommersielle aktørar/lån (55 millionar).