• Det finst ikkje haldepunkt for at Hassan Samriye Hashin har psykiske lidingar som kan kvalifisere til straffefritak eller nedsett straff.

Psykiater John Olav Roaldset vitna i dag i straffesaka i Sogndal. Roaldset og ein kollega har snakka med den drapssikta fem gonger etter at han blei pågripen i Nederland.

— Då vi undersøkte han var han lettare deprimert. Han er lei seg for det som har skjedd. Han følte at livet var øydelagt, og ser ikkje noko framtid for seg sjølv, sa psykiateren. Begge psykiaterane er samde om at Hashin er strafferettsleg tilrekneleg.

På spørsmål frå aktor Bjørn Kr. Soknes sa Roaldset at dei psykiatrisk sakkunnige ikkje har haldepunkt for å seie at Hashin er spesielt aggressiv.

— Vi har ingen haldepunkt for aggresjon utover denne saka, sa Roaldset.

Kjenningar av Hashin har tidlegare fortalt at han endra personlegdom då han drakk. Frå å vere sosial og omgjengeleg, gjekk han til å vere bråsint.

Roaldset fekk også spørsmål om kvifor Hashin ikkje hugsar alt frå det som skjedde drapsnatta. Han har mellom anna forklart at det siste han hugsar er at han la hendene rundet halsen på Hedda Karterudseter.

— Det er relativt normalt at folk ikkje hugsar deler av ei slik hending, sa Roaldset.

<b>DREPT:</b> Hedda Karterudseter vart funnen drept på hybelen sin i Sogndal 28 oktober i fjor.
Privat