ARNE HOFSETH

Showet i Eidfjordhallen vart opna av songkoret Chorus 80, som marsjerte inn, plystrande på den kjende filmmelodien Broen over Kwai, til stormande applaus av dei mange frammøtte, sjølv om lagnaden til filmbrua neppe er å higa etter.

— Det er klart at brua må koma, vi ber om å få brygga henne utan pengar frå staten, sa Lutro.

Han fekk varm støtte av fylkesvaraordførar Tom Krister Nilsen som meinte det måtte vera god butikk for staten. som sparer pengar på ferjedrifta. Og Gjermund Hagesæter minna om at Staten i tillegg får moms og skatt av anlegget og arbeidarane.

Prioriteringstabbe

Redaktør i Bergens Tidende, Olav Kobbeltveit, hevda at Hardangerbrua har sigla under falsk flagg. Først som aust-vest-samband, så nord-sør. Prosjektet har tapt truverde på inkonsekvensen, og ureint trav i Hordaland Vegkontor.

— Ein stor del av trafikken er ferie- og fritidstrafikk. For dei er det likesælt om dei kryssar fjorden med eller utan ferje. Vegen over Hardangervidda er ein trulaus alliert, sa Kobbeltveit.

Tabben var å nekta å prioritera mellom brua og Trekantsambandet, meinte han.

Bjørn Lothe hevda at det no bør byggjast veg over Bu-platået på ein måte som gjer det mogeleg å bygga brua seinare. Så får det bli opp til framtidige politikarar å avgjera om brua skal byggjast eller ei, etter 2015.

Ap snur?

Politikarane i panelet kom sjølvsagt ikkje utanom både ei og to rundar med kritikk av ulike parti sine standpunkt, både i dette hundreåret og det førre. Her har dei fleste partia heilgardert, med eit standpunkt i fylkestinget, og det motsette i Stortinget.

Gard Folkvord og Odd Leikvoll tolka Rannveig Frøiland slik at Arbeidarpartiet no er i ferd med å snu. Det kan bety fleirtal for brua i Stortinget.

— Dersom Hordaland fylke prioriterer Hardangerbrua på topp, kan ikkje vi i stortingsgruppa gå mot, svara Frøiland.

— I panelet er det berre to som ikkje er brutilhengarar, og dei får de ta dykk av etterpå, sa Tom Krister Nilsen til publikum og hausta applaus.

Då salen slapp til, nytta fleire høvet til å kritisera Bergens Tidende sitt redaksjonelle standpunkt til Hardangerbrua.