• At Hardangerbrua blir billegare enn ei bru over Langenuen, er ikkje det minste mystisk, seier Lars Bakke i Haug & Blom Bakke AS til Bergens Tidende.

— At Hardangerbrua blir billegare enn ei bru over Langenuen, er ikkje det minste mystisk, seier Lars Bakke i Haug & Blom Bakke AS til Bergens Tidende.

Han har kostnadsrekna begge bruene på oppdrag frå høvesvis bruselskapet og Vegdirektoratet. Det har vekt undring at ei bru med hovedspenn på 1115 meter over Langenuen blir mykje dyrare enn Hardangerbrua, som får eit spenn på 1325 meter.

— Dei viktigaste årsakene til prisskilnaden er at brua over Langenuen får større totallengd, og høgare siglingshøgd. Dessutan må ei stor kraftledning flyttast for å gje plass til brua, opplyser Bakke.

Det er særleg på Stord-sida at brua over Langenuen får langt sidespenn innover land, Men også på Tysnes blir sidespennet lengre enn for Hardangerbrua, der vegen skal koma rett ut av fjellet frå ein omlagt Vallaviktunnel, og gå over ein kort viadukt til mastetårnet på nordsida av fjorden. På sørsida får Hardangerbrua ekstra kostnader for å sikra kabelfesta mot ras.

— Nøyaktig same prinsippa er lagt til grunn for kostnadsrekninga av dei to prosjekta. Det som kan minka prisskilnaden, er at eine overslaget er litt eldre enn det andre, seier Bakke.