• No må vi slutta å snakka negativt om kvarandre. Hardanger må stå saman og lyfta i flokk, seier Gard Folkvord.

Den tidlegare stortingsrepresentanten, som er frå Odda, er uroa over dei frontane som han anar er i ferd med å reisa seg mellom tilhengjarar av Hardangerbrua og tilhengjarar av Jondalstunnelen.

Hordaland fylkesting skal i føremiddag drøfta fylkesvegplanen, der storparten av innlegga mest truleg kjem til å handla om Jondalstunnelen.

Roar gemyttane

Alt i går vart Arbeidarpartiet og Høgre samde om ei formulering som dei vonar skal roa gemyttane i indre Hardanger:

«Fylkestinget prioriterer framleis Jondalstunnelen fremst blant store fylkesvegprosjekt.

Fylkestinget vil understreka at Jondalstunnelen ikkje skal koma til fortrengsel for dei riksveganlegga (les: Hardangerbrua) som fylkestinget prioriterte i samband med handsaming av handlingsplanen for Nasjonal Transportplan 2002-2011».

Må få fred

Dette set Gard Folkvord pris på.

— Eg er harding, eg er glad i Hardanger, eg er for Hardangerbrua, men eg er også for Jondalstunnelen. No må vi for all del nytta den heldige stoda at dei to vegplanane står øvst på kvar si prioriteringsliste. Dei har ulik finansiering og konkurrerer ikkje med kvarandre. Då må dei få fred, seier Folkvord, som i førre stortingsperiode var medlem av samferdslekomiteen.

Han har lite til overs for den sverting av Hardangerbrua som har kome frå folkeaksjonen «Jondalstunnelen nå».

- For ei framtid!

— På den andre sida har eg og merka skepsis til Jondalstunnelen frå brutilhengjarane. Det går gjerne på visjonane om ei bru frå Jondal over til Kvam som eit framhald av Jondalstunnelen. Men for meg står det heilt klårt at bru over Hardangerfjorden skal byggjast mellom Vallavik og Bu.

— Tenk for ei framtid Hardanger går inn i når brutårna reiser seg mellom Vallavik og Bu samstundes som sprengjingsarbeidet tek til på Jondalstunnelen, seier Gard Folkvord.