• Dette er som å vandra gjennom eit landskapsmåleri, sa dronning Sonja då ho opna det første av 85 «streif» gjennom norske natur- og kulturlandskap.

Meir enn 3000 hardingar og tilreisande samlast på Reiseter oppunder snødekte Folgefonna og laga alle tiders folkefest for dronninga i det flotte vårvêret. 2735 av dei fekk skyss med HSD-bussar, Resten tok beina fatt, den fire kilometer lange stigninga frå Nå i Hardanger.

Vandringsdronninga sette pris på at Landbruks— og Matdepartementet valde vandringar i natur og kultur til å markera 100-årsjubileet for unionsoppløysinga.

Traktor med vinger

— La føtene gjera arbeidet, og sinnet kvila, sa dronning Sonja før ho la ut på fotturen nedover lia til Nå, der bygdefolket i 1910 reiste ein bautastein til minne om unionsoppløysinga fem år tidlegare.

Undervegs var det mange stopp for å sjå på kunst som var utplassert, og bli forklart ei rekke lokale fenomen. Eit av kunstverka er ein traktor med vingar, eit hjelpemiddel som mange kunne ynskt seg i dei bratte frukthagane.

Oppe på Reiseter var det mattradisjonar som stod i høgsetet. Ei rekke organisasjonar og produsentar baud fram varene sine. Her vart ølbrygging og baking av lefser og krotekaker demonstrert.

Etter ei rask forflytting til Aga planta dronninga ein Vossakvann, den første planten i ein urtehage som Hagelaget skal etablera i Agatunet. Dessutan fekk dronninga ein plante med heim, idet Hagelagsleiaren minna om at det latinske namnet til kvann er Angelica Arcangelica, som eit apropos til barnebarnet Maud Angelica.

Fadderskap til krysning

I Agatunet fekk Ullensvang herad ei original gåve frå Landbruks- og Matdepartementet; fadderskap til eit kryssingsforsøk med eple. Eit tre av sorten Ritt Bjerregaard og eitt tre av sorten Isabel vart planta attmed kvarandre i tunet. Dersom dei dermed får fram ein heilt ny eplesort, skal dronninga få vera med på å bestemma namnet.

Veteranbåtane Granvin, Bruvik og Nordhordland stemna over Sørfjorden til møte med 100 kvinner i Hardangerskaut. Eitt skaut for kvart år sidan unionsoppløysinga. Eit imponerande syn.

Under den flotte konserten i Hardangerhallen på Ullensvang Hotell vart bygdene i Sørfjorden tildelt Hordaland fylke sin Kulturlandskapspris. På vegne av bygdene tok Terje Larsen og Arne Lofthus mot prisen av statsråd Lars Sponheim. Dei leiar Bondelaget og Småbrukalaget sine lokalavdelingar.

URTEPLANER: Dronning Sonja planter vossakvann med assistanse av Hageselskapets Jon Fløistad og med landbruksminister Lars Sponheim. Foto: SCANPIX