• Det har ikkje gått ein dag utan at eg har tenkt på det som skjedde, fortel Mette Kristin Sværen.

Sjukepleiestudenten budde saman med Anne Slåtten i Hamretunet 13, og skal følgje rettssaka i Fjordane tingrett saman med fleire andre medstudentar. Før hovudforhandlingane tok til i går, kveikte dei lys på staden der ho blei funnen.

— Eg har kvidd meg veldig, men har heile tida vore fast bestemt på å følgje saka, fortel Sværen. Det same seier medstudent Benedicte Jensen:

— Eg går rundt med ein stor klump i magen. Men det er også godt å få oppklara ein del ting.

— Føler du at du får oppklaring?

— I alle fall blir ein del meir avklara. Vi får vite meir om kva som skjedde.

Dei to tykte starten av gårsdagens rettssak var verst.

— Det å høyre tiltalen bli opplesen, var tøft. Det var ein del ting der eg ikkje visste, seier Sværen.

Sjukepleiehøgskulen i Førde held høg beredskap denne veka. Det er laga eit opplegg med telefonvakt kvar kveld. Studentar som treng nokon å prate med, kan ringje inn. Og i kveld er det samling på skulen for dei som ønskjer det.

— Ein overlege i psykiatri skal snakke om korleis vi menneske reagerer. Vi utdannar trass alt ungdommar til profesjonelle helsearbeidarar. Det betyr at vi må forhalde oss til slike reaksjonar, seier dekan Eva Marie Halvorsen.

TØFT: - Opplesinga av sjølve tiltalen var det verste, seier Mette Kristin Sværen (t.h.) Dekan Eva Marie Halvorsen og student Benedicte Jensen er mellom dei mange frå sjukepleiehøgskulen som følgjer rettssaka.<p/>FOTO: ODLEIV APNESETH