-DNA-funn blir rekna å ha ein rimeleg sterk verdi, seier advokat John Christian Elden som har hatt ei rekkje store straffesaker der slike bevis har vore sentrale.

— Samtidig kan ikkje eit DNA knyte ein person til ein stad på same måte som eit fingeravtrykk, seier Elden.

— Kva er forskjellen på bevisverdien i eit DNA-funn og eit fingeravtrykk?

— Eit fingeravtrykk må avsetjast direkte. Men dersom eg går forbi deg på gata, kan eit hår frå meg hamne på jakka di. Dersom du etterpå går av garde og drep eit menneske, kan dette håret falle av og bli liggande på drapsstaden. Min DNA kan altså bli funnen ved liket, utan at eg har hatt noko med drapet å gjere.

— Finst det eksempel på at dette har hendt?

— Ja. Ein av dei sikta i Stavanger-ranet vart knytta til eit ran i Hemsedal fordi hans DNA vart funne på ein tannbeskyttar som var brukt der. Seinare viste tannbeskyttaren seg å vere stolen. Politiets etterforsking viste at eigaren av tannbeskyttaren ikkje hadde noko med ranet å gjere.

— Kor påliteleg er sjølve DNA-teknikken?

— Metoden er svært påliteleg. I alle saker eg har vore med på har det vorte lagt til grunn at utførte DNA-analyser har eit resultat som er til å stole på. Å stille spørsmål ved sjølve teknikken vil ikkje føre fram i straffesaker i dag.

— Så spørsmålet vil altså vere om DNA-et knyttar eigaren til sjølve brotsverket?

— Nettopp. Særleg politiet har hatt ein tendens til å slå seg til ro med at ei sak er oppklara så snart dei får DNA-treff. Det er ikkje godt nok.

— Finst det mange saker der personar er blitt dømt først og fremst på grunn av DNA-funn?

— Ja, absolutt. Og du har sjølvsagt eit forklaringsproblem dersom DNA-en din kan knyttast til eit drap. Då bør du helst kunne forklare deg om kva du har gjort, og om korleis det kan ha hamna der.