Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT seier årsaka til politimeldinga er lasta med sterkt svovelhaldig avfall som skipet «Probo Emu» leverte i Sløvåg hausten 2006. Det nederlandske selskapet eigde giftstoffet.

— Trafigura hadde ikkje løyve til å levere farleg avfall i Norge, seier Bjørnstad.

Fullt av svovel

Internasjonale reglar seier at dersom farleg avfall skal leverast over landegrensene, må det liggje føre både løyve frå avsendarland og mottakarland.

— I dette tilfellet hadde ikkje Trafigura nokon av delane, seier Bjørnstad.

Politimeldinga rettar seg mot minimum ein leveranse av farleg avfall som blir til rest etter at svovel er fjerna frå petroleumsprodukt. På spørsmål frå Bergens Tidende kan Bjørnstad ikkje utelukke at liknande avfall er levert ved fleire høve i Gulen.

SFT meiner avfallet «Probo Emu» kom med til Sløvåg, var av same type som systerskipet «Probo Koala» leverte i Elfenbeinskysten i august 2006. Etter at avfallet blei dumpa på ein avfallsplass i kystbyen Abidjan skal 14 personar ha mista livet og 85.000 innbyggjarar ha søkt legehjelp. To månader seinare kom «Probo Emu» til Gulen. Trafigura hadde hyra begge desse skipa.

Rettssak

Måndag startar ei sak i Nederland der både Trafigura og kapteinen på «Probo Koala» må møte i retten for å ha prøvd å kvitte seg med farleg avfall i Amsterdam. Avfallet blei lossa, men ifølgje fleire utanlandske nettstader blei det pumpa tilbake i skipet då det blei oppdaga at det var snakk om farlege giftstoff.

Etter å ha gått frå kai i Amsterdam sette «Probo Koala» kursen sørover. Skipet skal ha blitt nekta å losse i fleire hamner, før det kom til Elfenbeinskysten. Etter skandalen i Abidjan skal det nederlandske firmaet ha betalt kring 1 milliard kroner for å få rydda opp. Selskapet har nekta for at det dei gjorde var å kjøpe seg fri.

Frå før er det kjent at SFT har meldt Vest Tank til politiet. SFT meiner Vest Tank tok mot og behandla olje og oljeslam utan å ha løyve til det. Ved å fjerne svovel frå coker gasoline, ein type sterk svovelhaldig råbensin, laga Vest Tank same type farlege spesialavfall som dei to «Probo»-skipa frakta. SFT meiner også Vest Tank oppførte seg aktlaust då eksplosjonen i mai i fjor førte til akutt ureining i Sløvåg-området.

Avviste Alexela-søknad

Trafigura har ein eigardel i selskapet Alexela som i fjor sommar overtok tankanlegget i Sløvåg. Alexela søkte i fjor om å få byggje opp ein terminal for lagring og blanding av petroleumsprodukt. Søknaden er ikkje godkjent.

— Nei, i søknaden frå Alexela mangla det etter vårt syn ei rekkje opplysningar. Vi har difor bedt dei kome med ein ny søknad. Og vi kjem heller ikkje til å gje grønt lys for ein slik søknad før området er fullstendig rydda.

Ifølgje ei pressemelding Alexela sende ut i går ettermiddag vil dei i den nye søknaden be om løyve til å drive ein ordinær oljeterminal. Kundar skal få tilbod om losse-, lagrings- og lastekapasitet av ordinære oljeprodukt frakta med skip.

— Kan banda mellom Trafigura og Alexela få noko innverknad for SFTs handsaming av søknaden om å få etablere ein oljeterminal i Sløvåg, Bjørn Bjørnstad?

— Normalt sett vil det ikkje gjere det. Det ligg ikkje til SFT å vurdere eigartilhøve.

Skodvin, Helge