To barn og fire vaksne blei skadde etter ulukka på Årdalstangen i Sogn og Fjordane 1. juledag. Ulukka skjedde medan dei stod på fortauet.

Fredag kveld var tilstanden stabil for dei fem som framleis var innlagde på sjukehus – alle med lettare skadar. Ein av dei skadde, Jan Egil Fimreite, håper sjåføren får trøyst:

— Eg vonar verkeleg at det går bra med henne også, seier han til Sogn Avis.

- Glatt vegbane

Fimreite og kona var ute og gjekk tur då dei møtte på ein familie på fire som dei stoppa og snakka med.

Han understrekar at det dårlege føret gjorde sitt til at sjåføren – ei kvinne i 20-åra – mista kontrollen:

— Bilen hennar kom ukontrollert mot oss på den glatte vegbana, sjåføren meistra ikkje situasjonen, men eg har berre eitt ønskje no, at ho har folk rundt seg og at det går bra med henne, seier Fimreite.

Mørbanka

Fotgjengarane vart alle kraftig mørbanka i samanstøyten, men ulukka kunne likevel gått mykje verre. Dei fekk lettare skadar som beinbrot og hjernerystelsar.

SCANPIX