TERJE ULVEDAL

Når mannen blir framstilt for varetektsfengsling, mest truleg onsdag, vil politiet presentere ein førebels tiltale om forsettleg drap. Det stadfestar lensmann Olav Borlaug overfor Bergens Tidende.

— Dette er ein familietragedie, understrekar lensmannen.

Den 32 år gamle broren døydde av eit stikk i brystet frå ein kjøkkenkniv. 28-åringen som stakk ringde sjølv naudnummeret, og melde frå om det som hadde skjedd. Ambulansepersonell starta opplivingsforsøk då dei kom til staden, men utan å lykkast.

Ambulansepersonellet kontakta politiet. Då dei kom til åstaden bad 28-åringen om å få forklare seg, og vedgjekk straks at han hadde knivstukke broren.

Nokre timar før den tragiske hendinga kom dei to brørne saman til Lægreidspuben i Sogndalsfjøra for å sjå fotballkampen mellom Brann og Sogndal på storskjerm. Den eldste av dei to var synleg rusa, og oppførte seg også aggressivt.

— Vi bad han forlate lokalet. Begge gjekk då utan å lage problem, fortel Atle Lægreid, innehavar av skjenkestaden.

Litt etter kom den yngste broren inn att. Han blei sitjande roleg og sjå på eliteseriekampen. Men ein halvtime før kampslutt registrerer fleire andre pubgjester at 28-åringen mottar fleire samtaler på mobiltelefonen.

— Litt seinare forlet han lokalet. Eg trur det må ha vore kring eit kvarter før kampen var slutt, fortel Lægreid.

Truleg har han då gått rett til kjellarhusværet der eldstebroren budde. Bustaden ligg eit par hundre meter frå Fosshaugane stadion.

Bustadhusa står tett i dette området, og like før klokka ti registrerer fleire i nabolaget dei to brørne i heftig krangel utanfor bustaden.

— Dei stod ute og kjekla. Det var eit voldsomt leven før det blei heilt stilt. Deretter registrerte eg ikkje noko før ambulansen kom, fortel ein av naboane.

Naboar fortel også at ein tredje person skal ha vore til stades under krangelen utanfor huset. Men etter det Bergens Tidende forstår, var det berre dei to brørne som gjekk inn i bustaden.

— Vi kjenner ikkje til at det var fleire i husværet då knivstikkinga skjedde. I avhøyr har 28-åringen forklart at dei to hadde ein krangel, opplyser lensmann Borlaug. Politiet vil ikkje seie noko om kva konflikten har dreia seg rundt.

Etter det Bergens Tidende kjenner til har 28-åringen fortalt politiet at den eldre broren gjekk til angrep på han.

Politiet vil truleg krevje 14 dagar i varetekt når mannen blir framstilt i fengslingsmøte onsdag. Sogndølens forsvarar, advokat Louis Anda, seier hans klient er budd på å akseptere dette.

— Etter forholda står det bra til med min klient. Han understrekar at det aldri var meininga å skade eller ta livet av broren, fortel advokaten.

SPERRA AV: Søndag kveld sperra politiet og heldt vakt i området rundt bustaden like ved Fosshaugane stadion. I alt ti lokale politifolk og tre tilsette i Kripos tok i går del i etterforskinga. Kripos-folka tek seg av dei tekniske undersøkingane på åstaden.<br/>Foto: ODDLEIV APNESETH