— Han opplever at livet hans er øydelagt, seier forsvararen hans, advokat Odd Drevland. Han meiner 19-åringen må ha spesiell omsorg i varetektstida.

— Han er heilt på tuppa, og eg fryktar kva som kan skje dersom han ikkje får skikkeleg tilsyn i dagane og vekene framover. Sjølv om han også tidlegare har hatt vanskar i livet, inneber denne saka eit crescendo av elende, bedyra forsvarar Drevland.

— Derfor ber vi om at han får ekstra tilsyn med ein psykolog i beredskap.

Om klientens rolle i sjølv ugjerninga seier Drevland:

— Politiets sikting skyt langt over mål. Han vedgår å ha vore på staden, men deltakinga hans i det som skjedde var heilt minimal, seier forsvararen.

— Men kvifor vart han med på dette?

— Det veit eg ikkje. Truleg visste han ikkje kva det var han eingentleg vart med på, seier Drevland.

— Han aksepterer straffeskuld for at det oppstod ein trugande situasjon, men ikkje noko meir.

- OVER MÅL: - Politiets sikting skyt langt over mål. Han vedgår å ha vore på staden, men deltakinga hans i det som skjedde var heilt minimal, seier 19-åringens forsvarer, Odd Drevland.