• Å samanlikna burhøns og pelsdyrnæring med hundehald i byane er ein hån mot hundeeigarar, meiner leiar i Dyrebeskyttelsen i Bergen, Liv Sandal.

— Eg håpar det er ein fleip. Men hvis det er alvor, er det trist at han uttalar seg på denne måten, seier Sandal til BT. Ho er rysta over utspelet frå Lars Sponheim, og meiner det vitnar om mangel på kunnskap:

— Pelsdyr blir sperra inne i bur og kan knapt bevega seg, dei har ikkje kontakt med artsfrendar og avlivingsmetodane er uetiske i 2001. Når det gjeld burhøns, vil eg gå så langt som å seia at det er dyremisbruk satt i system.

— Dyrebeskyttelsen i Norge har svært god dokumentasjon på dette, og eg oppfordrar Sponheim til å ta kontakt med dyrevernsorganisasjonar, og skaffa seg kunnskapar på området. - Men ein hund som står innestengt åleine i seks til åtte timar kvar dag i ei byleiligheit, har heller ikkje eit godt liv?

— Å ha hund i ein by er svært krevande, og ikkje alle eigarar er like flinke til å gå tur. Dårlege hundeeigarar vil det alltid finnast, men det går likevel ikkje an å samanlikna to så ulike grupper, meiner Sandal.

— Sponheim er bonde sjølv, og ønskjer tydeleg å støtta pelsdyrnæringa. Men eg synes det er trist at ikkje jordbruket klarar å livnæra seg på andre måtar.