— Eg meiner at dersom det er noko som helst i dette, så må han ha blitt lurt inn i det. Han stiller alltid opp når nokon spør. Så eg har tenkt på om han kan ha vore nærast litt dumsnill, og på den måten involvert seg i noko han ikkje eigentleg ønskte, seier Bjørg Jorunn Schei.

Budde i Førde Den 37 år gamle irakaren som vart pågripen i Duisburg i Tyskland torsdag, budde nesten 15 år i Førde. Her var han mellom anna styreleiar i Førde Islamske Senter, som ei årrekkje leigde lokale i første etasje i huset til Bjørg Jorunn Schei. Ho utvikla eit så tett og hjarteleg forhold til leigetakarane at ho etter kvart berre vart omtala som «tante» i det veksande muslimske miljøet i Førde på 1990— og 200-talet.

Etter at den sikta 37-åringen og familien hans flytta til Oslo for rundt fem-seks år sidan, har dei heldt oppe den nære kontakten med Schei.

— Eg var seinast på besøk hjå dei i Oslo for ti dagar sidan. Da budde familien seg på å dra på ferie, og det var ingenting unormalt å merke på dei, fortel ho.

- Han har gjort så mykje for meg.

Schei kan på ingen måte få den alvorlege terrorsiktinga til å rime med den rolege og snille mannen ho kjenner.

— Sjølvsagt har det hendt at vi har diskutert religion og politikk. Og da har han i klare ordelag fordømt valdsbruk og terror, seier Bjørg Jorunn Schei.

Den 67 år gamle kvinna er funksjonshemma etter ei trafikkulukke, og fortel at ho har fått svært mykje hjelp og omtanke frå den terrorsikta mannen.

— Han har gjort så mykje for meg. Slått plenen min, moka snø og mykje meir. Og så tar han meg med på biltur rett som det er, fortel Schei.