Gudrun Olsen sit i eit hav av blomar ved kjøkenbordet. Medan teknikarar frå Nye Kripos og Hordaland politidistrikt saumfer nabohuset, har ho nettopp fått melding om at fire menn er sikta for drapet på naboen hennar.

— Då eg hørte det senka eg skuldra mange hakk, seier ho letta og tydeleg glad. Tidlegare på dagen var ho nemleg ikkje høg i hatten etter at namnet og biletet hennar gjekk landet rundt i fleire medium. Observasjonen ho gjorde frå vindauget sitt tysdag kveld klokka 22.40 var truleg svært viktig for politiet.

— Eg såg konturane av to personar som boksa inni gangen til naboen, fortalde ho til Bergens Tidende i går.

— Eg har hatt litt frykt i meg etter at bildet av meg gjekk over heile landet. Kva når politiet fer? Kven kjem på døra mi då?

No håpar ho dei skuldige får si straff. Ho trur aldri fredelege Sæbøvik på Halsnøy blir den same igjen.

  • Bergens Tidende orsakar at feil etternamn blei brukt på Gudrun Olsen i biletteksta i gårsdagens avis.
Lena Vermedal