Han oppmodar dei reisande til å gjere det klart for politikarane at lovnadene om å satse på kollektivtransporten no må følgjast opp med økonomiske midlar.

Børnes er ikkje overtydd om at pengane vil koma på bordet, men håpar politikarane ikkje vågar å bryte løftene om midlar til kollektivnæringa nok ein gong. Fylkesrådmann Paul Nilsen går inn for at kollektivsatsane aukar med fem prosent frå nyttår.

Det er den vanskelege økonomien som tvingar fram dette forslaget. Budsjettrammene for miljø og samferdsel for 2003 syner at ein manglar knapt 30 millionar kroner, og ein takstauke vil gi ein inntektsauke på 22 millionar kroner. Paul Nilsen seier til Kystradioen at det er ein svært dårleg signal å auka takstane med berre eit halvt års mellomrom. Kollektivsatsane blei auke med fem komma fire prosent første juli.