— Kvifor skal ein statsråd sole seg i glansen av ein brukarfinansiert veg? Riksveg 5 bør opnast av ein pendlar eller ein representant for dei som betaler bompengar som svir, seier Aasen til Firda.

13. desember i år skal statsråd Skogsholm opne riksvegstrekningen frå Knapstad til Kvalvik i Flora. Parsellen er ein del av anleggsarbeidet på anleggsarbeidet mellom Førde og Florø, og fører til at trafikken no er lagt utanom Eikefjord sentrum.

Aasen finn det rett og slett provoserande at samferdsleministeren skal opne ein strekning som er så finansiert av bompengar. Vegsjef Lars Lefdal avviser kritikken, og viser til at bom-pengane som blir betalte er ei forskottering som skal tilbakebetalast.

— Men uansett om det er ein bomveg eller ikkje, kan eg ikkje forstå at det skal vere ein grunn til å avvise ein statsråd.

UØNSKA: Samferdsleminister Torhild Skogsholm bør halde seg vekke frå opninga av ein riksvegstrekning i Flora, meiner Arve Aasen.
ARKIVFOTO: KNUT E. WANG