- Hald deg roleg!

- Generelt vil det ikkje vere særleg farleg å kome nær ein bjørn. Men det er eit rovdyr vi skal ha respekt for.

Les også:

Sverre Tveiten, regionsansvarleg for rovviltkontaktane i Sogn og Fjordane og Hordaland, oppmodar folk til å halde seg rolege, dersom dei skulle møte bjørnen som luskar rundt i Sunnfjord og Sogn.

Før og rundt sist helg, blei bamsen sett av fleire personar i Førde og Jølster. Ein observasjon blei gjort på ein fjellgard ei knapp mil frå Førde sentrum.

- Sjansen for å møte rovdyret er liten. Normalt vil bjørnen oppdage folk lenge før folk oppdagar bjørnen. Og dyret vil trekkje seg unna, seier Tveiten.

Rovvilteksperten oppmodar folk om å vere varsame, og ikkje gjere noko bjørnen opplever som dramatisk. Slikt kan vere å springe fram mot dyret, eller rope og skrike. Tveiten meiner folk også skal vere varsame med å rote etter fotoapparat for å ta bilete.

- Hald deg heller i ro, og hald auge med dyret. Det vil gje ei synsoppleving som er eit minne for resten av livet.

- Kva situasjonar kan vere farlege?

- Ei binne med ungar. Då skal folk vere på vakt. Kjem du t.d. mellom ungane og binna, er det rimeleg sikkert at gamlemor vil bli relativt sur. No er sjansen for det liten i Sogn og Fjordane. Bjørnen vi har er alt ein sensasjon, at det skulle vere ei binne med ungar vil nesten vere for utruleg. Det sannsynlege er at vi har med ein ung hannbjørn å gjere. Då bør folk passe seg, dersom dei kjem på bjørnen når han har drepe eit dyr. Det er som med oss menneske, mange av oss likar lite å bli uroa i rømmegrautfatet.

Les også

Siste fra Lokalt

Motorsykkelulykke på Tysnes

Bil og motorsykkel krasjet ved Uggdal.

- Advokater redde for
å klage på dommeren

- Jeg kjenner til flere advokater som er misfornøyde med dommernes opptreden i retten, men de kvier seg for å klage på dem.

Brannalarm i sentrum

Kraftig røykutvikling fra bakeri i Chrisitian Michelsens gate. - Det brant i en bakerovn, sier brannsjef.

Her kjører båten
folk med billetter

Noen gråt og andre bannet. - Dette spolerer ferien vår, sier trebarnsmor.

Streiken kan pumpe kloakk
rett ut ved badeplassene

- Økt fare for kloakk rett i sjøen, sier streikende driftsoperatører i Bergen Vann.

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger