• Eg forstår godt at folk er i opprørsstemning. - Sjølv hadde eg vore kjempeirritert for lengst, dersom eg hadde budd på Storekalsøy. dårleg drikkevatn.

Klinkande klar tale frå kommuneveterinær Arvid Børretzen i Næringsmiddeltilsynet for Ytre Sunnhordland. Han er leiar for etaten som har målt bakterieinnhaldet i drikkevatnet på Store Kalsøy i Austevoll, og som har bedt kommunen senda ut kokevarsel til folk på øya.

— Eg hadde óg irritert meg, hvis kona hadde kome frå vaskekjellaren med ei kvit underbukse som no var blitt gul.

Pissgult vatn og 17. mai-dukar

Han meiner at ingen risikerer helsa, dersom dei kokar vatnet før dei drikk.

— Det er målt åtte kolibakteriar per hundre milliliter vatn. Det er ikkje mykje, men det skal vera null. Men når det gjeld den kvite bunadskjorta og 17.mai-duken, hjelper det ikkje å koka vatnet først hvis det er pissgult.

Drikkevasskjelda til husstandane på Storekalsøy stammar frå eit myrområde, der vatnet er gult frå naturen si side. Nettopp fordi vatnet er så gult, klarar ikkje dei bakteriedrepande UV-strålene i det eksisterande reinseanlegget å ta knekken på alle "luringane", som Børretzen kallar bakteriane:

— Dei aller fleste blir drepne, men ein og annan slepp unna strålane. Dermed er risikoen for sjukdom til stades.

- Austevoll seinast i klassen

Før jul i fjor sende Næringsmiddeltilsynet varsel om tvangsmulkter til Austevoll kommune, dersom det ikkje det vart gjort noko med vasskvaliteten på Storekalsøy. Då snudde kommunen på hælen, omprioriterte planen for vassverkutbygging og sette nytt reinseanlegg for Storekalsøy på topp.

— Av dei fem kommunane me kontrollerer er Austevoll utan tvil den seinaste guten i klassen, seier Børretzen.

Kommunestyret i Austevoll har vedteke at det skal byggast nytt reinseanlegg på Storekalsøy, og førstkomande tysdag skal politikarane ta stilling til eit anbod.

— Dersom dei vedtek å bygga nytt anlegg, kan det stå ferdig i februar neste år, seier avde-lingsleiar ved teknisk etat, Frederik Flood. Austevoll kommune krev årleg inn 2182 kroner i vassavgift per husstand, ikkje 3520 kroner, slik BT skreiv torsdag.

FRISTENDE? Slik ser badevannet på Storekalsøy ut. ARKIVFOTO: Knut Egil Wang