– Me var sikre på me kom til å døy. Ferja kom bakfrå og køyrde oss rett ned. Båtføraren sat og styrte og kika framover og hadde ingen sjanse, hevdar Fagerland. Sjølv har han segla langs norskekysten i over 25 år som styrmann og skipper, og han har alle papir som trengst for å segla frå Kirkenes til Sarpsborg. Han er ikkje imponert over måten Tide har takla samanstøyten på, og han har lite til overs for ferjer generelt.

Debatt: Er det fritidsbåttrafikken eller rutegåandetrafikk som oppfører seg mest uvettig til sjøs?

– Sjøoffisersforbundet uttalar at dei har problem med fritidsbåttrafikken. Eg vil vel heller seia at det er ferjene som er problemet. Dei kjem fykande ut i full fart som om dei eig heile fjorden, hevdar Fagerland. Han meiner også at ferjeselskapet burde følgd opp dei to som var på fritidsbåten.

— Kan ikkje ha vore folk på brua

– Uansett kven som har skuld, burde dei sendt ein representant opp på sjukehuset og sytt for at me hadde det bra. Eg er bekymra for korleis båteigaren taklar dette i ettertid, og han har måtta gå på sosialkontoret for å få pengar til livsopphald. Er det slik det skal vera? undrar Fagerland.

Det er Sunnhordland sin artikkel frå Tide sin ulukkesrapport i fredagsavisa som provoserer Fagerland. I rapporten legg Tide så å seia all skuld på føraren av snekka, sjølv om reiarlaget innrømmer at mannskapet på brua burde ha oppdaga båten tidlegare.

– Eg vil påstå at det ikkje kan ha vore folk på brua på MF «Hordaland», elles ville dei sett oss, er Fagerland sin kommentar til det. Han skulle ynskt at det framleis var sjøforklaring like i kjølvatnet av slike uhell, for då kunne dei fått komme med sin versjon med det same. No ser han fram til å forklara seg i ei eventuell rettssak.

Båtføraren har vedgått i avhøyr at han ikkje var heilt edru, men politiet har enno ikkje fått svar på blodprøva. Men etterforskingsleiar Nils Henrik Nodland stadfesta før helga at alkometeret gav utslag på meir enn 0,8 i promille, som er grensa til sjøs.

Les meir her:

**Fråskriv seg alt ansvar

Mannskapet prega

Ferja går som normalt**