• Eg er så glad, for no kan eg stå opp om morgonen og berre gle meg! Bygda mi hadde ikkje tålt fire år til med Erna sin politikk.

Steinar Ness (46) kallar seg ei enkel sjel heime i Gaular, ein sauebonde som akkurat no er mest oppteken av forplantning. Livet skal gå vidare i det store og det små. Verane får ver så god gjera si plikt, formanar han og fører dei fram til villige søyer.

Samstundes klør han seg i hovudet. Midt mellom paringsaktene i sauefjøset tumlar han med så mange tankar. Ness er kommunepolitikar og realist nok til å innsjå at offentleg armod vert ikkje avløyst av velstand over natta.

— Både her og i andre kommunar må vi enno ei tid slita med oppsamla underskot. Derfor er det ikkje snakk om nokon pengerikdom i 2006. Men vi slepp nedskjeringar. Det er ikkje lite, berre det. Først i 2007 kan vi venta merkbar lysning i kommuneøkonomien, seier senterpartimannen som for nokre år sidan spela førstefiolin i det rikspolitiske orkesteret.

Osloborn til Drammen?

Han var generalsekretær i Senterpartiet fram til valet i 1997, då han vart rådgjevar og øyrekviskrar for kulturminister Anne Enger Lahnstein. Før den tid hadde han mange år bak seg som partipamp. Men etter at Jens Stoltenberg våren 2000 sende Senterpartiet i opposisjon - med god hjelp av den nemnde Erna, med etternamn Solberg - fann unge Ness ut at det var på tide å rista bystøvet av seg og heller dra vestover til sauene og farsgarden i Viksdalen.

— Det er utruleg nyttig å vera folkevald i ei lita bygd, for verda ser heilt annleis ut herifrå enn når ein sit i Oslo. Tenk berre på kva som skjer når ein skule vert lagt ned. Ofte må ungane reisa fleire mil fram og tilbake kvar dag. Ville oslofolk lika å senda ungane sine på skule i Drammen?

Svelteforing

— Erna Solberg har jo vore oppteken av å få meir effektiv drift i kommunane. Er det noko gale i det?

— Nei, ikkje i og for seg. Alle som har ansvar for å disponera offentlege midlar, er pliktig til å hushaldera og bruka pengane på fornuftig vis. Men Solberg gjekk målmedvite inn for å sveltefora kommunane for å tvinga fram strukturendringar. Ho ville berre ha færre og større kommunar. Dermed vart det færre hender til å ta seg av omsorg og pleie. Er det det minste rart at folk flest reagerer mot at stoppeklokka er i bruk når eldre menneske mest av alt har behov for ei hand å halda i, spør sauebonden.

— Er du trygg på at Ap vil vera like «raus» mot kommune-Noreg neste år som tilfellet var denne hausten?

— Nei, og eg er klar over at det i visse krinsar i Oslo vert teikna eit bilete som seier at Senterpartiet no fekk så mykje pengar at det får halda for ei stund. Men gløym ikkje at vinnarane er dei som satsar på fellesskapet. Eg trur at Ap er like interessert i det som vi i Senterpartiet, seier Steinar Ness og langar ut mot «fordummande» åtferd hos mediefolk og politikarar:

«Tøysedebattar»

— Det tragiske for samfunnsdebatten er at så mange berre er opptekne av å misforstå motparten. Derfor er vi belemra med så mange tøysedebattar i fjernsynskanalane, med ordkløyving om heilt uvesentlege ting.

— Derfor vil eg vona at politikarar flest tenkjer meir langsiktig, og ikkje berre på å skaffa seg eit oppslag i neste dags avis. Så får heller Lars Sponheim vere konge i den politiske andedammen og Siv Jensen dronning i den politiske jammerdalen!

Oddleiv Apneseth