EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.noRomøren arbeider ved Norsk institutt for oppvekst, velferd og aldring (NOVA), og ga i fjor ut boka "Usynlighetskappen. Levekår for funksjonshemmede". Der kritiserer han HVPU-reforma for ha vore alt for einsidig, med ei overdriven tru på at alle kunne førast ut av institusjonane og inn i det vanlege samfunnet.— Det er slik med dei fleste av oss at vi likar best å vere i lag med folk som liknar oss sjølve. Slik er det også med mange utviklingshemma. Etter reforma er det mange som har mista sjansen til å vere i lag med andre som er som dei sjølve, seier Romøren. Skortar sosialt Forskaren leia ei evaluering av HVPU-reforma for to år sidan. Konklusjonen hans er at revolusjonen hadde mange gode sider, men at det gjekk for fort og vart for einsidig.- Mange blir sitjande mykje åleine. Institusjonane hadde ofte gode fritidstilbud som no er borte. Kommunane tilbyr som regel gode hus, god pleie og omsorg, skaffar arbeid og utdanningstilbud. Men når det kjem til deltaking i det sosiale livet i lokalsamfunnet, skortar det ein god del, seier Romøren. - Reine politiske hensyn Han meiner også at ideologien om at institusjonar per definisjon var ein uting, øydela mykje.- Poenget må vere å ta utgangspunkt i kvar enkelt person, ikkje presse alle inn i same bås av reine politiske hensyn, slik det vart gjort, seier forskaren. Jann Aasbak var siste styraren på Vestlandsheimen, den store sentralinstitusjonen på Vestlandet. Han er samd i at reforma vart for firkanta. - For rigid - Ei stund følte eg at dette var ei reform basert berre på slagord og store overskrifter. Det var veldig vanskeleg å føre ein nyansert diskusjon, seier Aasbak, som i dag er helse- og sosialsjef i Årstad bydel.- Det var heilt klart for rigid i starten, då absolutt alle skulle ha eit eige husvære heilt for seg sjølv i kommunen der dei kom frå - ein stad der dei kanskje ikkje kjente nokon og gjerne ikkje hadde vore på årevis. For somme fekk dette konsekvensar, seier Aasbak.Dei første som vart sendt ut var ofte dei som fungerte best på institusjonane. Var kongar på haugen - Dei var gjerne vande med å vere konge på haugen; følgde med på alt og kjende alle. No skulle dei bu heilt åleine. Ikkje alle takla den overgangen. Eg kjenner fleire frå Vestlandsheimen som fortsatt slit med einsemd, seier Aasbak, som likevel er overtydd om at HVPU-reforma først og fremst var eit bra tiltak.- Tanken om integrering er rett, sjølv om det fortsatt gjenstår mykje, og sjølv om eg heller ikkje trur på ein 100 prosent sosial integrering. For det andre vart den materielle standarden veldig mykje betre etter reforma. Det var heilt nødvendig - forholda på Vestlandsheimen, med 360 bebuarar på det meste, var uverdig, seier Aasbak.Han gler seg over at frontane ser ut til å ha mjukna no ti år etter, og at ikkje alle brukarane lenger blir skore over same kam.