Dette er «Eli» sitt mareritt: Å vakne opp til førstesideoppslag om ferjefyll og ny ulykke, og vite at faren har vore på jobb.

— Tanken har vore der mange gonger: Tenk om pappa er full på jobb, tenk om han køyrer på land. Tenk om det skjer ei katastrofal ulykke.

Faren har vore sjømann sidan han var tenåring. Først i utanriksfart, seinare som styrmann i HSD i over ti år. I 1996 fekk han sparken på grunn av fyll.

I dag arbeider han i eit anna stort reiarlag, som også driv passasjertrafikk på Vestlandet. Av omsyn til faren ber «Eli» om å få vere anonym.

Full på veg til jobb

Dottera har sett far sin full mange gonger, men det er ein episode ho hugsar særleg godt. Det er sju år sidan no.

— Mor mi ringde. Ho sa at pappa var på veg til jobb og at han var full. Eg visste kva buss han kom med, og sykla for å finne han, fortel «Eli».

Då ho møtte faren, var han så full at han ikkje kjende dottera igjen.

— Det har aldri skjedd før. Han såg på meg som om eg var ein framand, og sa: «Eg jobbar i HSD og skal på vakt». Eg sa at han var full, at han ikkje kunne gå på jobb, men han ville ikkje høyre på meg. Då trua eg med å gå til politiet.

Til slutt klarte ho å overtale faren til å gje beskjed om at han var for full til å gå på vakt. Han ville at dottera skulle bli med bort på båten.

«Så ille er det vel ikkje»

Faren var synleg berusa, og gjekk ustøtt. Men då han fortalde kapteinen at han ikkje kunne jobbe, prøvde sjefen hans å bagatellisere situasjon.

— Kapteinen sa at «så ille er det vel ikkje» og «dette går nok bra», men far min sa: «Eg er verkeleg full». Eg hugsar det ordrett, for når far min seier slikt, er det alvor. Då er det ikkje berre snakk om eit par glas, seier «Eli».

— Ein kvinneleg tilsett, som overhøyrde det heile, sa til kapteinen: «Høyrer du ikkje kva han seier? Han ber om hjelp». Då begynte eg å grine, og gjekk ut. Nokre minutt seinare kom far min også, og eg følgde han heim.

Den kvelden var ho så opprørt at ho skreiv brev til kapteinen, der ho fortalde om alkoholproblema til faren, og ba om at han måtte få hjelp.

— Der stod det, svart på kvitt. Sambuaren min leverte brevet i skranken på HSD-kontoret neste morgon. Men ingenting skjedde. Eg fekk aldri svar.

- Kvifor greip ingen inn?

Nokre månader seinare møtte faren igjen full på vakt. Denne gongen vart han kasta av båten ein stad i Sunnhordland. Det vart hans siste arbeidsdag i HSD.

— Det var forferdeleg for familien. Foreldra mine måtte selgje huset for å klare seg.

«Eli» er bitter over at ingen på den tidlegare arbeidsplassen hans reagerte - før det var for seint.

— Den som veit, har også eit ansvar. Både kollegene og leiinga visste at han drakk. Kvifor greip ingen inn? Det var ikkje berre han som svikta, men også nettverket rundt, meiner ho.

Ingenting skjer

Faren slit framleis med alkoholen. Både AKAN og sjømannslegen på hans noverande arbeidsplass er informert.

— Igjen, ingenting skjer. Reiarlaga er altfor lite flinke til å ta vare på dyktige sjøfolk som har jobba og slitt i generasjonar, meiner «Eli».

— Eg har ei kjensle av at arbeidsgjevaren hans berre ventar på at han skal møte full på jobb igjen, slik at dei kan sparke han. Så har dei eitt problem mindre.

Informasjonssjef Arild Sondre Sekse i HSD seier leiinga i selskapet ikkje kjenner til denne konkrete saka.

-- I tillegg er det det er umuleg for selskapet å kommentera ei så djupt personrelatert sak. Men dette skjedde i 1996, og det skjedd mykje i HSD sidan den gongen. Vi må forsvara HSD slik selskapet er no, og kan understreka at saka ikkje ville blitt behandla slik i dag. Vi stiller spørsmålsteikn ved at avisa tar fram sju år gamle saker, og det er underleg dersom dette skal brukast som bevis på kor dårleg det står til med HSD i dag, seier Sekse.

— Men om nokon personar eller pårørande ønsker å formidla noko til oss om saka, så har vi ei åpen dør. Det er kun slik vi kan ta hand om eit slikt tilfelle, seier Sekse.