• HSD har kontakta dei som skal byggja for den nye båten for oss og spurt om planane våre. Det er utriveleg.

Det seier Trygve Tønnesen, direktør i BNR.

Verken han eller Gustav Oma, dagleg leiar i OMA Baatbyggeri synest framgangsmåten er noko særleg.

— Me vart ringt opp og spurd om mellom anna BNR sine planar for fartøy og godkjenningar. Me leverer aldri ut informasjon om ein kunde til ein annan, så eg likte ikkje denne framgongsmåten, seier Oma.

Han seier vidare at slike telefonar ikkje er vanleg.

— Det HSD ikkje har fått innsyn i, er bedrifta sine interne løyndommar. Me synest det er utriveleg at dei prøver å få dei frå OMA, seier Tønnesen.

— Dette er rein etterretningsmetodikk, legg han til.

HSD ønskte tysdag kveld ikkje å kommentera denne saka.