— Sjøfartsstyresmakter og politikarar som er opptekne av å kritisera HSD bør også setja fokus på seg sjølv. Langs kysten går det båtar med folk til rors som har 1,5 i promille utan at dei bryt lova, seier Strandbakken til Bergens Tidende.

— HSD-kritikarane sit i glashus, meiner professoren på Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen som i 1999 gav ut bok om båtpromille.

Lovleg fyll

Asbjørn Strandbakken vil ha bort lova som tillet fiskarar, sjøfolk og kapteinar på lasteskip å vera fulle og ha inntil 1,5 i promille utan å bli dømte. Sjøfartsdirektoratet og Justisdepartementet har varsla steg for å få til ei innskjerping av lovverket, men det har enno ikkje skjedd.

— Visst det er ei haldningsendring på sjøen politikarar og styresmakter etterlyser, så må dei «ta» alle, ikkje berre HSD. Det har vore ein veldig einsidig fokus på dette selskapet, seier Asbjørn Starndbakken, som ønskjer eit like eintydig regelverk for alkoholbruk i sjøtransport som det er på land.

«Det er ... et paradoks at båter som er mindre enn 15 meter er underlagt en promillegrense på 0,8 mens større båter - unntatt norske skip med passasjersertifikat som omfattes av pliktavholdsloven - er underlagt den veiledende promillegrense på 1,5 i straffelovens paragraf 422, andre ledd. Det kan ha gode grunner for seg å samle regelverket for fritids- og småbåter i en egen lov, men dette er ikke noe argument for å unnlate å fastsette en promillegrense for større fartøyer», skriv Strandbakken i boka si.

— I andre samanhengar har politikarane tydd til strafferetten for å endra haldningar i samfunnet. Til dømes når det gjeld promillekøyring på vegen, her har det sidan 1936 vore ei fast promillegrense som utan tvil har medverka til å skapa dei haldningane ein finn i samfunnet om bil og alkohol. Lovgivarane burde gitt HSD ei handsrekking i form av ei eintydig kriminalisering av båtpromille, meiner Asbjørn Strandbakken.

Sovna til rors

26.august omtalte BT ein vestlandsskipper som i sommar blei frifunnen for å ha ført båt i rusa tilstand. Han hadde sovna til rors på lasteskipet «Rana Frakt» som deretter grunnstøytte ved Gisundet i Troms. Blodprøven viste at mannen hadde 1,79 i promille, likevel blei han frikjent avdi det ikkje kunne provast at han var rusa. Han vedgjekk også at han drakk alkohol medan han stod til rors, men kunne likevel ikkje dømmast.

Sjøfartsdirektoratet meiner det er mest naturleg å innføra like reglar for sjøfolk på lasteskip og fiskebåtar som for mannskap på passasjerfartøy, der lov om pliktmessig fråhald minst åtte timar før avreise gjeld. HSD har innført eit eige regelverk om totalfråhald blant mannskap i teneste på sine skip.