lindåsdrapet

EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

Guttormsen og ein forretningskompanjong som også var sikta for drapet på Yngve Elvik i Lindås endra i vinter forklaring. Dei har peikt ut ein tredjemann som mordaren, ein versjon påtalemakta ikkje festar det aller minste tiltru til.Thune meiner derimot at alt tyder på at dei snakkar sant, fordi dei har forklart seg samanfallande om så mange detaljar.— Det er heilt usannsynleg at dei kan ha samordna forklaringane sine, sa Thune, som har gjort detaljerte avhøyr av begge. Thune er hyra inn av Guttormsens forsvarar Odd Drevland, og kritiserte politiarbeidet i etterforskinga av det brutale drapet.- Politiet si innsamling av materiale tidleg i etterforskinga synest å ha vore mangelfull. Forklaringa kan vere at Guttormsen så tidleg vart utpeikt som mistenkt, sa Thune. Han hevda at politiet hadde latt vere å forfølgje fleire interessante spor:* Fleire observasjonar av folk og biltrafikk ved drapsstaden Gjervik vart ikkje grundig undersøkt.* Det var høyrd skot nokre kilometer frå drapsstaden før drapet, utan at politiet fann ut kven som skaut.* Politiet burde gjennomført fleire rundspørjingar på jakt etter vitne. * Fleire telefonutskrifter frå sentrale vitne skulle vore undersøkt. Analysane av utskriftene var mangelfulle.Aktor Walter Wangberg var sterkt kritisk til at Guttormsens nye forklaringar vart presentert for politiet først like før ankesaka skulle opp. Thune forklarte dette med at han hadde håpa politiet skulle vere villige til å gjennomføre nye avhøyr av Guttormsen og kompanjongen først, slik at alle forklaringane kunne kryssjekkast skikkeleg. Han vedgjekk også at samarbeidsklimaet med politiet etter kvart vart svært dårleg, og at han følte at dei nye opplysingane ikkje ville bli tatt alvorleg.