EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bergens-tidende.noBåde billån, kredittkortgjeld og tyngande huslån skal bli ein saga blott innan utgangen av året for dei nærare 2500 medlemmene i Levende Ord. I alle fall dersom fjernsynspredikanten Sam Hinn får rett i profetiane han kom med under eitt av møta sine i nyttårshelga.Talen fann stad i Levende Ords hus på Bønes, og vart også overført på frikyrkjas lokalfjernsyn. Ifølgje Vårt Land sa Hinn at han har fått ein bodskap frå Gud om at medlemmene skal setjast fri frå dei personlege gjeldsbørene, slik at dei blir i stand til å gje meir til Guds rike. Handsopprekking "Korleis? Eg veit ikkje, men Gud kan!," proklamerte Hinn.Ved hjelp av handsopprekking kontrollerte forkynnaren deretter kor mange som faktisk var plaga med lån i forsamlinga. Fleire hender gjekk til vers, melder Vårt Land. Hinn gjekk så i forbønn for at dei skal bli fridd frå dei økonomiske plagene i året som kjem.— Du ringjer ikkje om desse pengegreiene vel? Uffameg, sa pressekontakt Ingar Åkerlund ved Levende Ord då BT kontakta han om den himmelske gjeldsordninga i går kveld.Han vedgår at fleire medlemmer var framme og vart bedne for fordi dei har tyngande gjeld.- Men det var berre eit lite innslag. Økonomisk gjenoppretting er ikkje noko nytt hos oss. Eg kjenner mange som har fått løyst økonomiske problem på forunderleg vis. Det har også hendt meg sjølv, seier Åkerlund, som ikkje vil gå i detaljar om korleis Gud har berga økonomien hans. - På sida Pressetalsmannen meiner økonomi er ein så viktig del av menneskelivet at det ville vere meir enn merkeleg dersom Gud ikkje også tok hand også om dette.Gateprest Thor Brekkeflat veit ikkje heilt kva han skal seie om Hinns profetiar.- Dette er såpass på sida av det eg meiner om teologi og tru at det er vanskeleg å kommentere det. Men folk må få meine og tru kva dei vil for meg, seier Brekkeflat.