— Ut frå det grunnlaget påtalemakta byggjer på, kan eg ikkje forstå anna. Det vart køyrt i 60 km/t i eit farvatn med farlege skjær, utan at det vart sett framover. På land ville tilsvarande handlingar ført til tiltale for aktlaust drap, seier Erik Røsæg, professor i sjørett ved Nordisk Institutt for Sjørett i Oslo.

Røsæg oppfattar Riksadvokatens avgjerd som ei stadfesting av at terskelen for tiltale ligg høgare til sjøs enn til lands.

— Det har vore vist stor toleranse for det å gjere feil på sjøen. Det blir på ein måte tatt for gitt at ting kan gå gale, seier Røsæg.

- Ansvaret burde vore skjerpa

Professoren viser til at det er svært sjeldan at påtalemakta tek ut tiltale for aktlaust drap på sjøen. Etter trafikkulykker har dette vore gjort med jamne mellomrom.

— Etter mi meining burde ansvaret til sjøs vore skjerpa, seier Røsæg.

Etter ulykka med snøggbåten «Seacat» i Sogn i 1991 vart kapteinen tiltala etter same paragraf som no blir brukt mot kaptein Sverre Hagland. Han vart frikjent i retten.

I januar vart ein 25-åring frå Sauda dømt til fem månaders fengsel for aktlaust drap etter å ha velta ein liten plastbåt slik at føraren drukna.

— Dette er einaste tilfellet der høgsterett har dømt båtførarar for aktlaust drap, seier strafferettsekspert og førsteamanuensis Svein Slettan ved Universitetet i Oslo.

Mindre alvorleg tiltale

Etter bilulykker har det derimot vore ei lang rekkje drapstiltaler.

— Men her har Riksadvokaten gjort det klart at påtalemakta må vere forsiktig med å drapsstemple folk som har gjort feil som kunne hendt den beste. Vi har difor sett færre slike tiltaler i det siste, seier Slettan.

Strafferamma er den same for aktlaust drap som ved bruk av den paragrafen Hagland no er tiltala etter – tre års fengsel.

— Men det mindre alvorleg å bli tiltala for å ha valda sjøskade med fare for tap av menneskeliv. Dette vil truleg også bli spegla i straffeutmålinga dersom kapteinen blir dømt, seier Slettan.

SKJERPA ANSVAR: - Etter mi meining burde ansvaret til sjøs vore skjerpa, seier sjørettsprofessor Erik Røsæg.