— Det grenser mot bullshit-bingo. Mange fine ord utan innhald, seier Kjell Lars Berge, professor i retorikk ved Universitetet i Oslo.

Han snakkar om språkbruken i rektorvalkampen ved Universitetet i Bergen. I morgon er siste dag for rektorvalet.

Sjå døme frå rektorkandidatane her! Sitjande rektor Sigmund Grønmo blir utfordra av leiar for Institutt for biomedisin, Rolf K. Reed.

— Styrkja fagleg leiing. Bingo! Akademisk fridom. Bingo. Kva slags språk er dette? Hadde vi fått dette i ei studentoppgåve, ville vi vore skeptiske. Dei hadde ikkje nådd opp i UiBs innføringskurs i akademisk skriving, seier Berge.

Som eit styremøte

Tre retorikkekspertar har lest to tekstar frå kvar av kandidatane. Dei er relativt samstemte om ein ting:

  • Det er ikkje veldig spennande tekstar dei leverer. Dei rører ikkje. Du må tenkje over at dette ikkje er eit styremøte. Det ser ut som språk frå strategiske dokument, seier Aslaug Nyrnes, professor ved Høgskolen i Bergen.

Samstundes, meiner Daniel Heradstveit, er ikkje universitetspolitikk som anna politikk. Sirkus er ikkje for rektorkandidatar. Heradstveit er professor og seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt. Til vanleg arbeider han blant anna med retorikk i internasjonal politikk.

  • Floskelbruken her er ikkje påfallande. Eg skulle derimot ønskja meg eit meir konkret språk. Alle er einige, men vil ikkje inn på korleis. Kva vil dei faktisk gjere, i staden for alle honnørorda., seier Heradstveit.

Dårleg karakter

Med honnørord meiner han til dømes «internasjonalisering». Ordet er flittig brukt av både Grønmo og Reed.

  • Kven er imot dette? Ingen, seier Heradstveit.

— Språket er fullt av forsterkande adverbial. Ikkje sakke akterut. Styrke ytterlegare. Avansere. Du får ei rekkje utsegn som alltid er sanne, seier Nyrnes.


Kronikk av rektor Sigmund Grønmo: For et offensivt universitet!For et offensivt universitet! Kronikk av utfordrer Rolf K. Reed: Fremtiden, utfordringene og muligheteneFremtiden, utfordringene og mulighetene

Både Nyrnes, Berge og Heradstveit meiner likevel Grønmo uttrykkjer seg klarare enn konkurrenten.

— Grønmo skriv i større grad korleis han vil gjere ting. Der skil kandidatane seg. Reed er mindre klar. Han uttrykkjer seg med departementsspråk. Det er mange flotte formålsparagrafar, seier Heradstveit.

Dilemmaet for begge, er å nå ut til både den allmenne avislesaren og dei som skal stemme ved rektorvalet.

Oslobomull

  • Som utanforståande får du inntrykk av at det er noko meir enn det som blir sagt. Reed seier at det er ein «dyp splittelse i universitetssamfunnet», utan at det blir gått nærare inn på, seier Nyrnes.

Dette var og temaet i tidenes nest kortaste lesarbrev i BT, her gjengitt i sin heilskap: «Kan Bergens Tidende i korthet fortelle oss uinnvidde lesere hva all denne støyen rundt Universitetet i Bergen (UiB) går ut på? Dan Odfjell».

_Les også:

Slik svarar dei på kritikken_

— Vi forstår at det har noko med ei konflikt å gjere. Men det blir ein lukka diskusjon. Som lesar må du lese deg opp og ha mykje innforstått kunnskap, seier Berge.

Nyrnes meiner manglande bruk av eksempel gjer tekstane vanskelegare å forstå.

  • Og då meiner eg ikkje på personnivå, men på tematikk. At vi får fleire utanlandsstudentar krev meir undervisning på engelsk. Det blir meirarbeid. Kva med å nemne slike konkrete spørsmål? Det kan ein tenkje seg er interessant fleire plassar, seier Nyrnes.

UiO-professor Berge meiner UiB-kandidatane har litt å lære av hovudstadsuniversitetet.

  • Rektorvalkampen i Oslo har etter kvart blitt meir spissa. Det er mindre bomull. Men berre litt.

Samd i kritikken? Diskuter saka her.

Jan M. Lillebø