- Grenser mot bullshit-bingo

Retorikkprofessor Kjell Lars Berge meiner rektorkandidatane ved UiB pakker inn språket sitt i bomull.

Les også:

- Det grenser mot bullshit-bingo. Mange fine ord utan innhald, seier Kjell Lars Berge, professor i retorikk ved Universitetet i Oslo.

Han snakkar om språkbruken i rektorvalkampen ved Universitetet i Bergen. I morgon er siste dag for rektorvalet.

Døme frå rektorkandidatane <i><b>Sjå døme frå rektorkandidatane her!</b></i>

Sitjande rektor Sigmund Grønmo blir utfordra av leiar for Institutt for biomedisin, Rolf K. Reed.

- Styrkja fagleg leiing. Bingo! Akademisk fridom. Bingo. Kva slags språk er dette? Hadde vi fått dette i ei studentoppgåve, ville vi vore skeptiske. Dei hadde ikkje nådd opp i UiBs innføringskurs i akademisk skriving, seier Berge.

Som eit styremøte
Tre retorikkekspertar har lest to tekstar frå kvar av kandidatane. Dei er relativt samstemte om ein ting:

- Det er ikkje veldig spennande tekstar dei leverer. Dei rører ikkje. Du må tenkje over at dette ikkje er eit styremøte. Det ser ut som språk frå strategiske dokument, seier Aslaug Nyrnes, professor ved Høgskolen i Bergen.

Samstundes, meiner Daniel Heradstveit, er ikkje universitetspolitikk som anna politikk. Sirkus er ikkje for rektorkandidatar. Heradstveit er professor og seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt. Til vanleg arbeider han blant anna med retorikk i internasjonal politikk.

- Floskelbruken her er ikkje påfallande. Eg skulle derimot ønskja meg eit meir konkret språk. Alle er einige, men vil ikkje inn på korleis. Kva vil dei faktisk gjere, i staden for alle honnørorda., seier Heradstveit.

Dårleg karakter
Med honnørord meiner han til dømes «internasjonalisering». Ordet er flittig brukt av både Grønmo og Reed.

- Kven er imot dette? Ingen, seier Heradstveit.

- Språket er fullt av forsterkande adverbial. Ikkje sakke akterut. Styrke ytterlegare. Avansere. Du får ei rekkje utsegn som alltid er sanne, seier Nyrnes.






Kronikk av rektor
Sigmund Grønmo:
For et offensivt universitet! For et offensivt universitet!

Kronikk av utfordrer
Rolf K. Reed:
Fremtiden, utfordringene og mulighetene Fremtiden, utfordringene og mulighetene






Både Nyrnes, Berge og Heradstveit meiner likevel Grønmo uttrykkjer seg klarare enn konkurrenten.

- Grønmo skriv i større grad korleis han vil gjere ting. Der skil kandidatane seg. Reed er mindre klar. Han uttrykkjer seg med departementsspråk. Det er mange flotte formålsparagrafar, seier Heradstveit.

Dilemmaet for begge, er å nå ut til både den allmenne avislesaren og dei som skal stemme ved rektorvalet.

Oslobomull
- Som utanforståande får du inntrykk av at det er noko meir enn det som blir sagt. Reed seier at det er ein «dyp splittelse i universitetssamfunnet», utan at det blir gått nærare inn på, seier Nyrnes.

Dette var og temaet i tidenes nest kortaste lesarbrev i BT, her gjengitt i sin heilskap: «Kan Bergens Tidende i korthet fortelle oss uinnvidde lesere hva all denne støyen rundt Universitetet i Bergen (UiB) går ut på? Dan Odfjell».

Les også: Slik svarar dei på kritikken <b>Slik svarar dei på kritikken</b>

- Vi forstår at det har noko med ei konflikt å gjere. Men det blir ein lukka diskusjon. Som lesar må du lese deg opp og ha mykje innforstått kunnskap, seier Berge.

Nyrnes meiner manglande bruk av eksempel gjer tekstane vanskelegare å forstå.

- Og då meiner eg ikkje på personnivå, men på tematikk. At vi får fleire utanlandsstudentar krev meir undervisning på engelsk. Det blir meirarbeid. Kva med å nemne slike konkrete spørsmål? Det kan ein tenkje seg er interessant fleire plassar, seier Nyrnes.

UiO-professor Berge meiner UiB-kandidatane har litt å lære av hovudstadsuniversitetet.

- Rektorvalkampen i Oslo har etter kvart blitt meir spissa. Det er mindre bomull. Men berre litt.

Samd i kritikken? Diskuter saka her.

Les også

Siste fra Lokalt

Alvorlig ulykke på Tysnes

Bil og motorsykkel krasjet ved Uggdal.

- Advokater redde for
å klage på dommeren

- Jeg kjenner til flere advokater som er misfornøyde med dommernes opptreden i retten, men de kvier seg for å klage på dem.

Brannalarm i sentrum

Kraftig røykutvikling fra bakeri i Chrisitian Michelsens gate. - Det brant i en bakerovn, sier brannsjef.

Her kjører båten
folk med billetter

Noen gråt og andre bannet. - Dette spolerer ferien vår, sier trebarnsmor.

Streiken kan pumpe kloakk
rett ut ved badeplassene

- Økt fare for kloakk rett i sjøen, sier streikende driftsoperatører i Bergen Vann.

Tråsyklist krasjet i autovern

Kvinne (57) braste rett inn i autovernet på sykkel på Osterøy i nærheten av Lonevåg.

Rektorval ved UiB

  • Tilsette og studentar vel kvart fjerde år universitetsrektor.
  • Sitjande rektor Sigmund Grønmo vann overlegent i 2005, og stiller til gjenval.
  • Rolf K. Reed stiller som motkandidat. Han er instituttleiar ved Institutt for biomedisin.
  • Grønmo stiller saman med Berit Rokne (prorektorkandidat) og viserektorkandidatane Kuvvet Atakan (for utdanning) og Astri Andersen (for internasjonale relasjonar).
  • Reed stiller saman med Ernst Nordtveit (prorektorkandidat) og Lise Øverås (viserektorkandidat for utdanning og rekruttering).
  • Valet blir avslutta torsdag.




Relaterte bilder

FOTO: Jan M. Lillebø

Dette deler våre lesere på Facebook:

Mest lest

SØK I SKATTELISTENE (2009)

Siste saker

Lederstillinger

Stillinger