— Det kan vera greitt med ei avklaring, seier Roar Leivestad til Bergens Tidende.

Leivestad har 18 års fartstid ved smelteverket, og var ein av dei som «overlevde» den store nedbemanninga i sommar.

— Det var ikkje slik at vi som fekk halda fram jubla, medan dei andre fortvilte, seier han, og peikar på at dei som no blir permittert, stiller bak dei andre i køen for nytt arbeid.

Aetat si avdeling i Odda har greidd å sysselsetta dei arbeidslause frå Smelteverket lettare enn frykta. Avdelingsleiar Grethe Selsvik seier til Bergens Tidende at dei tek mot den nye utfordringa også. I Odda set ein lit til at dei finske eigarane av Outokumpu Norzink, kanskje alt før jul, vedtek ei større utbygging av verksemda på Eitrheimsneset.