— Det norske systemet er bra. Det er aldri ein plage her, seier «Poolo» (67).

Han heiter eigentleg Poologanathan Nadarajah. Vaktmeisteren på St. Paul skule i Bergen har budd i Norge sidan 1972, og vore vaktmeister her på skulen i 26 år.

Vi møter han på søndag ettermiddag. Han har eigentleg fri, men er inne for å jobbe frivillig. Det er alltid nokon som treng noko, anten konfirmantar, skuleelevar eller andre.

Poolo blir pensjonist neste år, men han kjem ikkje til å reise heim til Sri Lanka for å bli gammal der.

Nettopp det er gjengs for svært mange eldre innvandrarar (over 50 år) her i landet. Det konkluderer NOVA-forskar Trude Brita Nergård i ein ny rapport.

— Det er veldig slåande, så å seie ingen ønskjer å reise tilbake. Når det kjem til stykket, verkar det som om det norske tilbodet av helse- og omsorgstenester er uslåeleg, samanlikna med deira eige heimland, seier Nergård.

Et godt land for gamle innvandrere Reiser heller «heim» på ferie

Ho er overraska over dette. Oppfatning har vore at mange innvandrarar som kom hit på 70-talet aller helst ønska å reise tilbake når dei blei gamle.

— Mange har hatt ein draum om å reise heim, men den blir mindre etter kvart. Fleire tilbringer i staden lengre periodar i gamlelandet, men når helsa sviktar, vil føretrekkjer dei Norge, fortel Nergård.

Det gjer definitivt Poolo. Han seier at han i starten trudde han kom til å reise heim til Sri Lanka, der han har ein gard, og kan vere mykje ute og stelle. I tillegg er jo klimaet mykje meir behageleg enn her.

Men no, når han har tre vaksne barn her, så saknar han Norge og familien her når han er på Sri Lanka i lengre periodar.

— Dessutan er det krig no, og det gjer ting litt meir problematiske, seier Poolo.

Han er frisk og rask. Han veit heller ikkje kva det vil seie å vere sjukmeld; han har ikkje vore sjuk ein dag i sitt liv. Men om han skulle trenge det, er han positiv til sjukeheim, noko som ikkje finst i hans heimland. Der tek familien seg av einannan.

— Norsk eldreomsorg er veldig god, det er eit godt system, meiner Poolo.

- Ingen hjelper i Vietnam

Det same meiner Hieu Nguyen (54). Han kom til Norge frå Vietnam i 1983. Han har ingen planar om å venda tilbake.

— Heile familien min er her. Sonen min, han er fødd i Norge. Eg kjenner ingen i Vietnam lenger, så eg har ikkje tenkt å reisa tilbake når eg blir gammal, seier mannen, som har jobba som asfaltarbeidar i Bergen i over tjue år.

— Eg har vore i mange land, men Norge er det beste. Heilt topp, seier han.

Fleire gongar i veka er han innom sonen sin restaurant i sentrum for å hjelpa til med rydding og forskjellig.

— Det er veldig trygt å bu her, du får mykje hjelp frå staten. Viss du er gammal i Vietnam, er det ingen som hjelper deg bortsett frå familien. Her i Norge betalar du meir skatt, men når du blir gammal får du eit bra tilbod, med sjukeheim og alt mogleg. For meg er det heilt ok.

Barna jobbar

NOVA-forskar Nergård skriv i dagens BT-kronikk at mellom dei 37 ho har intervjua, så er det nærast ei unison oppfatning at Norge er eit godt land å bli gammal i.

Dei mest skeptiske er pakistanarane. Dei forventar i større grad at barna skal stille opp for dei når dei blir gamle.

Det gjer ikkje Poolo.

— Dei jobbar jo.

Er Norge et godt land å bo i for eldre? Si din mening.