— Eg vonar at dette ikkje berre er eit valutspel frå ein statsråd, eit utspel som seinare blir lagt død, seier ordførar Toralv Mikkelsen til Bergens Tidende.

Statsråd Norman har nemnt Husbanken og Lånekassa som døme på statlege arbeidsplassar som kan flyttast ut av Oslo i neste runde.

— I Odda har vi lenge gått svangre med tankar om å få flytta hovudkontoret til Norges Vassdrags- og energidirektorat (NVE) til Odda, og fann det rett å kunngjera dette no når statsråden signaliserer utflytting av fleire arbeidsplassar til distrikta. NVE har i dag sitt hovudbøle nær Frognerparken i Oslo. Der er det rett nok nokre fontener, men med lite trykk og små vassmengder. Odda har produsert vasskraft sidan «tidenes morgen» og har Norges Vassdrags- og Industristadmuseum i Tyssedal. Statkraft har kome inn på eigarsida i Tyssefaldene AS. I Odda har mange tradisjonelle industriarbeidsplassar blitt borte dei siste åra, seinast ved konkursen til Odda Smelteverk. Ei lang rekke sentrale politikarar har tala varmt for nye, framtidsretta arbeidsplassar, utan å kunne levera.

Den 160 mål store smelteverkstomta midt i sentrum står klar til byfornying.

— Her er stilige hus frå tidleg 1900-tal, der fasadar og det ytre bør takast vare på, og det indre kan tilpassast eit direktorat som NVE, seier Mikkelsen.

Han har registrert stor trong for denne typen arbeidsplassar på Vestlandet, at akademikarar utdanna i Bergen må flytta austom for å få seg arbeid. Han har alt vore i kontakt med fylkesordførar Gisle Handeland, og set no saman ein prosjektorganisasjon for å driva saka fram.

— Andre statlege arbeidsplassar på ynskjelista?

— Sjølvsagt. Alt tel med i vår situasjon. Det bør til dømes vera aktuelt med eit landsomfattande våpenregister her, seier ordføraren og viser til at Hordaland politikammer har lagt sitt våpenregister til Politihuset i Odda, der nedlagde Hardanger politidistrikt heldt til.