• Er det rart at unge bønder, som har lyst til å utvida og satsa meir, lett vert frustrerte og tek til å sutra, undrast Sveinung Valle.

Mjølkebonden Valle (43) meiner at landbruksminister Lars Sponheim bør ta seg tid til å lytta og snakka meir med bønder som har tru på yrket, og som vil driva vidare. Då vil han lettare sjå kor skoen trykkjer.

— Men eg kjenner mange bønder som er ved godt mot og har godt humør, sjølv om dei slit i motbakkar med strenge kvotar som dei lyt halda seg innanfor, seier den tidlegare statssekretæren i Landbruksdepartementet.

— Sponheim må vel innrømma at det er alvorleg når vi veit at 60.000 bønder i løpet av dei siste tjue åra har slutta med produksjon og teke seg anna arbeid, undrast han vidare.

Utidig tvangstrøye

Valle sjølv har femten mjølkekyr på gardsbruket like ved den kjende bøkeskogen i Seim. Han har tenkt å stå på og driva vidare. Men han skjønar godt at unge bønder ser på kvoteordningar og andre reguleringar som ei utidig tvangstrøye og dermed lett vert frustrerte.

Han har lese ytringane frå Sponheim i BT-intervjuet torsdag med stor interesse, og konstaterer at han og statsråden ikkje er så svært usamde om dei store linene i jordbrukspolitikken. Han er m.a. imponert over at statsråden greidde å få i stand eit så pass godt jordbruksoppgjer i vår.

— Men han må passa seg for å skjera i jordbruksavtalen i samband med statsbudsjettet, slik vi var vitne til i fjor, åtvarar han.

Det beste er om Sponheim tek sikte på å laga eit jordbruksoppgjer som strekkjer seg over fire år, slik at ein slepp den årlege sjauen, meiner han.

Treng streng styring

Sveinung Valle vonar og at Sponheim etter kvart vil innsjå at jordbrukspolitikken framleis må styrast strengt, slik at ikkje utkantjordbruket dukkar under. Det vil lett skje dersom Høgre og Frp får meir innverknad.

Men inntil vidare har han tiltru til at Venstre og KrF vil greia å demma opp mot marknadsliberalistane.

— Får Høgre sin vilje, har vi som driv jordbruk i vest og i nord, og i fjellbygdene, ikkje ein sjanse i havet!

— Du ser med andre ord med milde augo på det Sponheim driv på med som statsråd?

— Nei, for noko av det verste med Lars Sponheim er at han ikkje bryr seg om å overvaka prisane, slik Bjarne Håkon Hanssen byrja med. Venstremannen er meir nærings- enn forbrukarorientert, og har dessverre nærmast gitt dei store matvarekjedene blankofullmakt til å leggja på prisane.

Trur på samdrift

— Er du samd med Sponheim i at bøndene må satsa meir på samdrift?

— Ja, det er heilt i orden, men eg er skeptisk til at det ikkje skal vera ei øvre grense for t.d. mjølkeproduksjonen. I «vår» regjering meinte vi at mjølkebønder som gjekk saman om fellesfjøs ikkje skulle få produsera meir enn 500.000 liter i året. No er det fritt fram.

Eg har like stor tru på samarbeid i ulike former som på samdrift, slik han tenkjer seg. Det er heilt naudsynt med større samarbeid, eller om så er samdrift, for å sikra og planleggja fritida betre, seier Sveinung Valle.

Han har elles ei viktig oppmoding til statsråden, etter å ha studert BT-reportasjen:

— Han er vel sein med slåtten. Den burde ha vore unnagjort for minst ein månad sidan!

FRUSTRASJON: Sveinung Valle skjønar godt at unge og tiltaksame bønder lett vert frustrerte med dagens strenge kvoteordningar.
FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN