Meldinga kjem frå vêrprofet Magnus Skildheim. I seksti år har bonden frå Vadheim, som bur 350 meter over havet, spådd vêret ved å studere stjerner, månefasar, plantar og dyreliv.

– Det kan kome litt snø før jul, men så kjem mildvêret og regnet. Eg er redd for at det blir slapseføre i jula. Men vi kan jo håpe at eg tek feil, seier 76-åringen.

Månen si åtferd er utgangspunktet for dei dystre spådommane. Det er avgjerande kva retning månen står i, og når den er full.

– Det blir nymåne 27. desember. Når den kjem i vest blir det regn. Det blir ein skiftande vinter, konstaterer den verinteresserte pensjonisten.

Desse spådommane gjeld for Vestlandet. Østlendingane kan derimot vente seg klassisk kvit jul, ifølgje Skildheim.

Stoler du heller på meir tradisjonell vêrvarsling? Sjå våre vêrsider her.

– Riktig ni av ti gongar

Den erfarne vérprofeten har ord på seg for å vere stødig i arbeidet sitt, sjølv om det slett ikkje alltid har vore klaff. Vi har gått profeten nærmare i saumane. Sjekk kva spådommar som har slått til – og ikkje, her.

Sjølv meiner vêrkjennaren at treffprosenten ligg på heile 90 prosent.

– Det varierer veldig. Men eg har vore oppe i 90 prosent når andre har gått meg i saumane, seier Skildheim.

– I mai spådde du ein dårleg sommar, men vi fekk den beste på mange år. Kva gjekk gale?

– Det veit eg ikkje. I dei fleste tilfelle held det stikk, men eg kan sjølvsagt bomme.

Interessa for vêr har han hatt sidan han var gutunge, då han var på fjellet og lærte dyra og naturen å kjenne saman med faren.

Stjerner, istappar og fuglar

– Kva baserer du spådommane på?

– Eg ser mellom anna på kor tid og kor langt ned i lia skogen gulnar om hausten. Snøbelte kjem nemleg så langt ned som skogbeltet gulnar om hausten. Eg følgjer også med på kor tid flyttfuglane reiser. Forsvinn dei tidleg, blir det ein kald vinter, fortel Skildheim.

Stjernehimmelen, istappar, fargen på gran og furu, samt måten skogen rimar på, er andre naturteikn som Skildheim følgjer nøye med på.

– Om det er klarver rundt 14. oktober kan eg spå vêret fram til våren ved å sjå på melkeveien på stjernehimmelen. I byane ser ein ikkje stjernene, men eg er privilegert som ikkje har gatelys, spøkjer Skildheim.

Knakar det i husveggen, blir det vind innan 24 timar, ifølgje 76-åringen. Andre sikre teikn på ruskever får du her:

– At kråka flyg mot vest medan ho skrik er eit sikkert teikn. Viss hestane set baken opp mot ein stein eller tre, blir det også alltid stygt vêr, seier fjellbonden.

Får telefon kvar dag

Å vere vérprofet byr på travle dagar. Magnus Skildheim blir rett som det er kontakta av både journalistar og privatpersonar som vil ha siste nytt om vêret.

– Det er 3-4 personar i Bergen som ringer meg kvar dag for å få vite vêret. Eg får også telefonar frå Trondheim.

Ein blir ikkje rik av å vere i denne bransjen, og det er kanskje årsaka til at talet på profetar er få. Skildheim kjenner berre til ein annan, som held til i Røros.

– Vi er ein utdøyande rase i høgste grad, ler Skildheim.

Uenig med TV 2

Vêrmeldinga på TV er det sjeldan Skildheim får med seg. Og når han gjer det, er han svært ofte ueinig.

– I helga melde dei null grader i Bergen på TV 2. Men i Fana blei det minus 15 grader. Meteorologane får betalt for å lyge, men det gjer ikkje eg, seier Skildheim.

– Korleis blir det på nyåret?

– Det var ikkje klarver 14. oktober i år, så eg fekk ikkje sett noko særleg. Men mykje rånebær tyder på lite snø. Tistelen var låg, så det er ikkje store snømengder i vente.

Sommaren 2009 er det for tidleg å seie noko om, sjølv for den erfarne vêrkjennaren.

Frykter du for julestemninga i år, eller har du kanskje heilt andre spådommar? Sei di meining.

Bergens Tidende