Espeskog var den første som blei evakuert under storbrannen i Høyanger søndag kveld. Ein utruleg innsats frå frivillige og utkommandert mannskap redda fleire menneskeliv.

Les også: — Det kunne gått veldig gale

— I dag er eg stolt over å vere frå Høyanger, seier ein av dei mange heltane frå branndramaet, Even-Asle Eide Simonsen (24).

Frå arbeidsstaden på restauranten på andre sida av elva som renne gjennom sentrum, oppdaga han røyken som velta ut frå omsorgsbustadene på Høyanger sjukeheim seint søndag kveld. Minutt seinare, då han hadde fått meldt frå til alarmsentralen, slo flammane opp meterhøge. 24-åringen sprang over brua for å hjelpe til med å redde ut dei eldre.

I stige frå tredje høgda

I lag med sambygdingen Jarle Berge og mannskap frå det lokale brannvesenet berga han fem personar ned frå ein veranda i tredje etasje. I husværa innanfor herja flammane. Medan hjelpemannskapet og dei eldre stod på balkongen rasa taket saman.

Dei eldre personane blei løfta over rekkverket på verandaen og hjelpte ned i ein stige.

— På bakken stod to karar og heldt stigen opp frå bakken med rå armstyrke, det var nemleg så skrått og ulendt på staden at det ikkje gjekk an å få sett opp stige på vanleg vis, fortel Simonsen.

Fleire av dei eldre, den eldste over 90 år, måtte støttast ned. Den siste som blei evakuert, ei kvinne, såg dei inne i eine husværet. I røyken gjekk ho rundt utan å finne vegen ut. Simonsen gjekk ned med kvinna i fanget, medan han tviheldt hendene om stigen.

Høyrde kvinne som skreik

Flesteparten av pensjonistane som budde i omsorgsbustadene opplevde situasjonen som svært dramatisk. I husværet sitt i andre høgda var Liv Herdlevær (58) frå Oslo på besøk hos tanta, Anny Daae (81), då brannalarmen gjekk.

  • Eg trudde det var falsk alarm, for det har skjedd fleire gonger, fortel Daae.

Difor valde dei å vente litt for å sjå kva som skjedde. Så høyrde dei nokon skrike. Herdlevær let opp døra, der såg ho kvinna i husværet på andre sida av gangen liggje over ein stol utanfor inngangsdøra si.

  • Korleis ho hadde funne døra, lurer eg på. Inne i husværet var det svart av røyk, seier Herdlevær.

Ho fekk plassert kvinna i ein stol hos Daae. Medan dei venta på at bergingsmannskapet skulle hjelpe dei, miste dei kontakten med ho fleire gonger. Dei tre blei alle redda ned frå verandaen, Herdlevær drog nabokona til altanen i stolen der ho hadde plassert ho nokre minutt tidlegare.

Daae, Herdlevær og Jenny Espeskog (83) som alle har tilknyting til grenda Måren, fekk losji hos kjenningar etter den dramatiske hendinga.

I går fekk dei vite at nabokvinna var ein av dei 12 som blei sende til Førde sentralsjukehus med røykskadar, men at ho skal vere utanfor fare.

Fekk eigen pleiar

Alle dei 62 som budde i omsorgsbustadene og sjukeheimen, dei to bygningane er knytte saman med ei gangbru, blei evakuerte til Ørens hotell like ved.

Johan Øren (85) har kona Hjørdis (83) på sjukeheimen, og drog ned til sentrum straks han blei klar over brannen.

  • Då eg kom ned slo flammane sikkert 20 meter opp. Eg trudde heile sjukeheimen skulle brenne ned.

Johan fekk vite at kona var på hotellet, og skunda seg dit så fort han kunne. I snøen utanfor inngangsdøra stod helsepersonell i kø med sjukesenger. Inne var dei tilsette i full gang med å bere vekk bord og stolar for å rydde plass.

  • Dei bar pasientane inn på nakne madrassar og la dei på golvet. Det gjekk veldig fort, fortel han.

Sjølv fekk Øren lov til å ta kona med heim. Ein pleiar kom og stelte ho for natta.

  • Alle dei evakuerte fekk kvar sin pleiar. Det var heilt fantastisk.

Omsorg

For Even-Asle Eide Simonsen blei også gårsdagen svært travel. Telefonen stod ikkje for alle som ønskte å få han i tale, ikkje minst frå media.

— Det er vel historia med kvinna vi berga til slutt som gjer at eg blir framstilt som helten, men alle som var med på dette dramaet er heltar. Innsatsen, og måten folk stilte opp på, var berre utruleg, seier han.

24-åringen veit ikkje kor lenge han stod på verandaen.

  • Men eg følte det var veldig lenge.
  • Var det ikkje kaldt, det var mange minusgrader og brannvesenet pøste på med vatn?
  • Først då var på veg ned stigen siste gongen, kjende eg kor kald og våt eg var.
Roar Christiansen
Roar Christiansen