Tobarnsfaren var på veg heim frå jobb laurdag ettermiddag då han kolliderte med en bil på E16 like ved Texaco-stasjonen i Skulestad på Voss. Ulykka skjedde etter ei forbikjøring.

— Eg kjende den andre bilen trefte meg og eg mista kontrollen på bilen min. No krasjar eg, hugsar eg at eg tenkte, fortel Heggelund til Avisa Hordaland.

- Tok med høgre armen

Autovernet blei tredd tvers gjennom heile bilen.

— Enden på autovernet trefte frontruta mi, like ved der eg sat. Skinna tok med seg høgre armen min og la han i klem bakover.

Heggelund seier til lokalavisa at han ikkje orkar å tenkje på kva som hadde skjedd om rekkverket hadde treft nokre centimeter lenger til venstre.

— Eg er svært glad for at eg lever, seier han frå sjukesenga.

- Kjempeflaks

Bortsett frå ein broten høgrearm, kom Heggelund ifrå ulykka berre med skrubbsår. Han ligg no på Voss sjukehus.

— Han må ha hatt kjempeflaks, konstaterte operasjonsleder Terje Hilland i Hordaland politidistrikt etter ulykka.

Å overleve ei slik ulykke var som å vinne i lotto, meinte operasjonslederen.

— Han må ha hatt ein engel med seg i bilen. Det er ikkje ofte det går så bra når ein ser eit så ille tilreidd kjøretøy, sa Hilland.