Men påtalemakta er ikkje sikre på om posen er brukt under sjølve drapshandlinga.

— Den kan også ha blitt trekt over hovudet etterpå, for å skjule brotsverket, sa Kripos-etterforskar Håvard Arntzen under si vitneforklaring i Sogn tingrett i ettermiddag.

Kriminalteknikarane i Kripos har funne blod både ut- og innvending i posen. DNA-prøver viser at dette er blod både frå avdøde og drapstiltalte Hassan Samriye Hashin. Det er funne gripemerke på posen, han har strekkmerke i topp og botn og det er fleire små hol i han.

— Nokon har drege i posen. Vi kan ikkje finne anna forklaring enn at posen på eitt eller anna tidspunkt er dregen over hovudet på Hedda Karterudseter.

Arntzen gjorde greie for at Hashins DNA er funne ei rekkje plassar på avdøde, rundt halsen, innvendig i hendene, i bittmerka og posen. Eit DNA-funn gjort på Heddas truse kan også stamme frå Hashin. Det same gjeld spor funne inne på rommet.

— Vi meiner det har vore eit basketak inne på rommet, sa Arntzen.