• Ruta gruppa frå Indre Sunnfjord Turlag tok ned att til Dvergsdalsdalen laurdag er rekna som farleg, seier Magne Dvergsdal.

TERJE ULVEDAL

Dvergsdal, som sjølv bur i dalen, seier til Firda at dei lokalkjende i området rett og slett reknar ruta som uforsvarleg. Området er svært bratt, og det skal lite til før snøras blir løyst ut.

— Langt nok opp i terrenget er området trygt. Men det er veldig fort å kome for nær kanten der terrenget blir bortimot stupbratt. Då aukar også faren for å løyse ut skred, og truleg er det dette som har skjedd denne gongen, meiner Dvergsdal.

Den vanlege løypa som dei lokalkjende nytta opp på Grovabreen, går ein god del lenger vest. Dvergsdal har sjølv ikkje tal på kor mange gonger han har gått opp på breen.

— Eg går aldri den ruta turlaget valde laurdag, seier han.

Det var i alt 16 personar i følgje frå Indre Sogn Turlag som skulle på den tradisjonsrike turen til Grovabreen laurdag. Vêret var dårleg og kraftig vind gjorde at fire av turgåarane snudde etter kort tid. Litt seinare valde også dei resterande 12 å snu. Det var då dei skulle renne ned att mot Dvergsdalsdalen at raset gjekk. Alle dei 12 blei tatt. 45 år gamle Leif Bjørnereim omkom, medan dei elleve andre kom seg ut av snømassane utan større fysiske skader.

Magnar Dvergsdal såg turlagsfølgjet då dei var på veg oppover mot breen, og alt då undra han seg over at nokon hadde lagt ut på turen.

— Det bles friskt, og eg blei overraska då eg så gruppa var på veg oppover, seier Dvergsdal.

Indre Sunnfjord Turlag skal no evaluere måten dei legg opp turane sine på.