Jenter i Bergen er så desperate etter dyre klede at enkelte tyr til nakenfotografering og prostitusjon for å skaffe seg pengar. Det skriv Siv Frotvedt Børsheim i si masteroppgåve som BT presenterte på fredag.

— Mange av jentene eg jobbar med fortel dei same historiene, seier helsesøster Agnes Giertsen som arbeider med ungdom frå 16 år og oppover på Årstad vidaregåande skule.

Jentene opplever eit enormt press på å bli lik dei andre, og mange slit med fokuset på kropp. Helsesøstrene meiner sjølv at dei ikkje er godt nok kvalifiserte i kampen mot kroppsbileteforstyrring. Dei ønskjer at førebyggande arbeid skal bli meir synleg i skulen.

- Ros barnet

— Kva kan ein gjere for å hjelpe jentene å stå imot presset?

— Det viktigaste vi kan gjere for desse jentene er å jobbe med kroppsbilete og prøve å byggje opp meistringskjensla ved å vere seg sjølv. Vi må finne ut kva dei er gode på og gje dei sjølvtillit, seier Giertsen.

Slik skal jentene bli meir motstandsdyktige mot å utvikle kroppsforstyrringar.

— Alt frå barnehagealder må ein rose jentene for det dei er, ikkje for korleis dei ser ut. Det er typisk at gutane får ros for kor flinke dei er, medan vi seier «å, så fin du var i den kjolen» til jentene, seier Siv Frotvedt Børsheim.

Helsesøstrene Børsheim har snakka med oppfordrar foreldre til å snakke om sunt kosthald, men aldri om slanking.

— På skulen må barna lære å vere kritiske til det dei ser og les i media. Mange av ideala jentene samanliknar seg med er urealistiske, men det er det fleire som ikkje veit, seier Børsheim.

Manglar kompetanse

Børsheim baserer seg på samtaler med fem helsesystrer som jobbar med rundt 2500 jenter i alderen 9 til 18 år på ulike helsestasjonar i Bergen. Berre ei av helsesøstrene meinte ho var godt nok kvalifisert i arbeidet mot kropps- og eteforstyrringar.

— Det blir ikkje sett av nok tid eller ressursar til førebyggande helsearbeid i skulane. Ein må gje helsesøstrene moglegheiter til etterutdanning og kursing, meiner Astrid Paulsen, fagleiar for helsesøstrene i Sjukepleiarforbundet i Hordaland.

På skulen der Børsheim opplevde kroppsfokuset som verst, med utskvising av jenter som ikkje var «up to date» i klesvegen og fleire tilfelle av eteforstyrringar, blei det ikkje drive førebyggande arbeid i det heile tatt.

Lova modellkarriere

Giertsen seier klespresset er aller verst på ungdomsskulen.

— Mange syns det er ok å kome på vidaregåande kor ein kan møte med litt blanke ark. Konstellasjonane som er svært tydelege på ungdomsskulen løyser seg litt opp når ein kjem i andre miljø.

Helsesøstera har vore bort i nokre få jenter som har trekt på Strandkaien.

— Men det er fleire som let seg fotografere nakne eller med lite kle på i det føremål å tene pengar, seier Giertsen.

Ein del av jentene blir lova modelloppdrag og lettjente pengar, men Giertsen har ikkje opplevd at noko modellkarriere har tatt av.

KROPPSBILETE: - Det viktigaste vi kan gjere for desse jentene er å jobbe med kroppsbilete og prøve å byggje opp meistringskjensla ved å vere seg sjølv, seier helsesøster Agnes Giertsen. Også ho har hatt kontakt med jenter som har trekt på Strandkaien for å tena pengar.
Dolmen, Siv